Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Bruingeniør FDV

Vil du bidra til å ta vare på våre konstruksjoner innen samferdsel?

Statens vegvesenTromsø9. desember 2024
Søk her

Kontaktpersoner

Stein Inge Rasmussen

Seksjonsleiar

stein.inge.rasmussen@vegvesen.no

Olav Johan Blindheim

Kontorsjef

Nøkkelord

BruingeniørSamferdsel konstruksjonerBruerVedlikehold

I seksjon Bru søkjer vi Bruingeniør FDV (forvaltning, drift og vedlikehald) som har interesse for teknologi, jobbar sjølvstendig og liker å løyse utfordrande oppgåver innan fagfeltet samferdselses-konstruksjoner.

Arbeidsoppgåver

  • fagleg rettleiing og rådgiving innan fagområdet
  • planlegging og gjennomføring av inspeksjonar på bruer, ferjekaiar og andre konstruksjonar
  • følgje opp konsulent på hovudinspeksjonar og prosjektering av bruvedlikehald i heile Noreg

Det vil også vere søkjelys på følgjande oppgåver:

  • ROS – analysar og tilstandsanalysar
  • rapportering av inspeksjonsresultat og definere nødvendige vedlikehaldstiltak
  • utarbeide kostnadskalkylar, prosjekteringsunderlag og skildringar for vedlikehaldstiltak
  • gjennomføre levetidsbetrakninger og vurdering av restlevetid

Bru er del av fagressursavdelinga i divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkjande med 40 medarbeidarar fordelte på 12 kontorstader. Fagressursane våre bidreg i heile livsløpet til vegen - frå planlegging, prosjektering, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning.

Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen. Andre lokasjonar kan diskuteras. Du må oppgi i søknaden kva kontorstad du ønskjer.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har minimum 3- årig relevant ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule. Stillinga krev kompetanse innan statikk og dimensjonering av stål og betong.

Førarkort kl. B er et krav.

Du må vere god til å formulere deg skriftleg og muntleg på norsk og ha gode digitale ferdigheiter.

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå forvaltning, drift og vedlikehald av samferdselskonstruksjonar og/eller innan prosjektering / rådgiving av betong- og/eller stål-konstruksjonar
  • interesse og kunnskap om prosjekteringsverktøy innan modellering og berekningar
  • kjennskap til vegnormalar og handbøker

Vi legg vekt på at du:

  • er sjølvstendig, fleksibel og praktisk med ei strukturert tilnærming til oppgåveløysing
  • har gode samarbeidsevner og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • er lærevillig, open for nye utfordringar og oppteke av å dele kunnskap

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt

Seksjonsleiar Stein Inge Rasmussen, tlf. 926 53 795, eller e- post: stein.inge.rasmussen@vegvesen.no

Kontorsjef Olav Johan Blindheim tlf. 476 68 326, eller e-post olav.johan.blindheim@vegvesen.no

Stillingsinfo

Frist9. desember 2024

Kontaktpersoner

Stein Inge Rasmussen

Seksjonsleiar

Olav Johan Blindheim

Kontorsjef


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.