Fristen for annonsen har gått ut
Bruingeniør
Utvikle innovative bruløysingar med oss!
Kontaktpersoner
Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar. I juni 2023 signerte me kontrakt med Statens Vegvesen om prosjektering og bygging av Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS investerer dessutan i moderne utstyr og teknologi for automatisk og effektiv bygging av brukonstruksjonane våre.
Me ynskjer no å styrkja fagmiljøet vårt med ein bruingeniør som kan bidra til satsinga vår innan denne marknaden.
Arbeidsstad Stord/ Oslo, eller etter nærmare avtale
Arbeidsoppgåver
- Bruanalysar av pågåande og kommande prosjekt.
- Dokumentasjon og oppfølging mot kundar og myndigheiter.
- Utvikling av nye løysingar for bruk av aluminium i brukonstruksjonar.
- Samarbeid med fabrikasjonsavdelinga vår om automatiserte byggemetodar.
Ynskja kvalifikasjonar
- Sivilingeniør/ingeniør innan relevant teknisk utdanning.
- Erfaring med bruprosjektering / konstruksjonsanalysar etter N400 og Eurokodar, gjerne innan stål og/eller betong.
- Kunnskap i programvare som Sofistik, RM Bridge, FEM Design etc.
- Erfaring med aluminium som konstruksjonsmateriale.
- Kjennskap til BIM- og 3D-modelleringsverktøy.
Personlege eigenskaper
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg.
- Løysningsorientert.
- Kunna jobba strukturert og sjølvstendig.
- God forståing for praktisk byggeverksemd.
- Nytenkande og kreativ.
- Omgjengeleg og lagbyggjar.
Me tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien».
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar.
- Gode pensjons- og velferdsordningar.
Leirvik AS er ei moderne verksemd med over 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter meir enn 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!