Fristen for annonsen har gått ut

Avdelingsleiar
Norconsult i Nordfjord veks - vil du vere med på laget?

Kontaktperson
Tone Kristin Myklebust Kvåle
Leiar Norconsult Sogn og Fjordane
Norconsult med sine 6600 tilsette har ein svært tydeleg distriktsprofil. Vi vil vere der dei spennande prosjekta er, og der våre tilsette vil bu.
Norconsult Sogn og Fjordane har hatt sterk vekst dei siste åra, og har til saman over 90 medarbeidarar fordelt på i alt 8 lokasjonar i Sogn og Fjordane, Vi er tilstades i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid. I Nordfjord har vi vakse frå ein medarbeidarar hausten 2019, til i alt 11 medarbeidarar i Nordfjord fordelt på Sandane og Nordfjordeid. Vi har ein sterk lokal posisjon i marknaden, og jobbar med eit breidt spekter av oppgåver og prosjekt for både offentlege og private aktørar. Prosjekta hjå oss vert ofte gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også med medarbeidarar i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult.
Vi har høge ambisjonar og ideal innan berekraft, digitalisering og samarbeid, og vert inspirerte av å kople det saman med kundane sine behov, slik at vi kan komme fram til den optimale leveransen for det aktuelle prosjektet.
Vi ønskjer no å styrke organiseringa i Sogn og Fjordane med ei nyoppretta leiarstilling for Nordfjord. Vi søkjer etter ein engasjert og samlande leiar for ei tverrfagleg avdeling med sikte på å utvikle og styrke vår posisjon i området framover. Fagområda som førebels er tilstades på Sandane og Nordfjordeid er veg, vatn- og avløp, arealplan, konstruksjon, VVS, elektro, geoteknikk og prosjektleiing/prosjektadministrasjon.
Vi ser etter deg som sjølv har ein fagleg ståstad aktuell for rådgjevarbransjen, og med relevant erfaring og ambisjonar om utviklings- og leiaroppgåver.
Som avdelingsleiar er det viktig med god kjennskap til marknaden og at du er flink til å byggje nettverk og etablere sterke relasjonar både eksternt med kundar og samarbeidspartar, og internt i Norconsult. Samarbeid og koordinering på tvers av fagområde og mellom kontor, avdelingar og grupper internt i Norconsult vil vere ein vesentleg del av kvardagen.
Du vil vere det synlege ansiktet for Norconsult utad i Nordfjord. Vi ser etter deg som er oppteken av utvikling, og har eit bevisst forhold til fag, leiing og forretningsutvikling. Du er resultatorientert, samtidig som du forstår at det er viktig å utvikle robuste og gode løysingar til det beste for samfunnet og medarbeidarane i avdelinga. Som avdelingsleiar får du leie dei fremste innan sine fagmiljø, og det er ønskjeleg at du har solid fagleg kompetanse i kombinasjon med gode sosiale ferdigheiter og leiareigenskapar. Du er ein trygg og motiverande leiar som har omsorg og ser medarbeidarane dine i jobbkvardagen.
Stillinga som avdelingsleiar vil vere spennande og utviklande for rett person, og du vert ein del av leiargruppa i Sogn og Fjordane, med store moglegheiter for å påverke vegen vidare for både eiga avdeling og kontoret som heilskap. Du vert også del av eit større leiarnettverk i Norconsult, med regionale leiarsamlingar og interne leiarutviklingsprogram/leiarforum der du får møte og bli kjend med leiarar på ulike nivå frå heile Norconsult.
Bli med oss å gjere kvardagen betre!
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal
Arbeidsoppgåver:
- Strategi- og forretningsutvikling. Bidra i kontoret si leiargruppe
- Bidra til vidare oppbygging og utvikling av avdelinga i Nordfjord
- Budsjett og resultatansvar for avdelinga
- Kunde- og marknadskontakt
- Tilbodsarbeid og tilbodsleiing
- Personalansvar. Utvikle og ta vare på medarbeidarane, både med omsyn til kompetanse, kapasitet og balanse
- Ressursstyring og rekruttering
- Oppdragsleiing, fag- og disiplinansvar i oppdrag
- Planlegging og prosjektering innanfor ditt fagområde
For oss er det viktig at du:
- Har relevant utdanning innan eit av fagområda i kontoret
- Har erfaring frå fagleg arbeid i oppdrag
- Har leiarerfaring frå personalleiing eller oppdragsleiing internt, frå tidlegare arbeidsforhold, eller eit sterkt ønskje om å utvikle deg i ei leiarrolle
- Har kontorplass på Nordfjordeid, eller Sandane – du må ønskje å vere jamnleg tilstades på begge lokasjonane.
- Er flink til å formulere deg muntleg og skriftleg
- Er sjølvgåande, strukturert og likar å ta initiativ
- Er motiverande, tillitsskapande og nytenkjande
- Har gode kommunikasjonsevner internt og eksternt, er løysingsorientert og ein lagbyggjar
- Er ein rollemodell som etterlever bedriftskulturen vår i ord og handling
- Er marknadsorientert, godt kontaktnett og erfaring med kundar
Kan dette vere interessant for deg? Ta gjerne kontakt med leiar i Sogn og Fjordane, Tone K. M. Kvåle, tlf: 95 80 75 09 for nærmare informasjon.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Tone Kristin Myklebust Kvåle
Leiar Norconsult Sogn og Fjordane
Stillingstyper
Industrier

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap som kombinerer ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse i små og store prosjekter for både privat og offentlig sektor. Vi jobber innen blant annet infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen» utvikler vi bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger gjennom nyskaping og innovasjon.
Med hovedkontor i Sandvika og rundt 7 200 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi sterk tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.
I Norconsult er likeverd og mangfold en grunnleggende forutsetning. Vi ønsker et arbeidsmiljø der alle har like muligheter til å utvikle seg og nå sitt fulle potensial, uavhengig av bakgrunn eller identitet. Ulike perspektiver gjør oss bedre rustet til å forstå samfunnet, løse oppdragene våre og skape innovative løsninger. Derfor ønsker vi søkere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.