Hopp til hovedinnhold
Tekjobb
Ny i dag

Automasjonsingeniør

Har du lyst til å jobbe med automasjon innan samferdsel?

Statens vegvesenBergen27. januar 2025
Søk her

Kontaktperson

Cecilie Bakke Johannessen

Seksjonssjef

+47 992 03 219

Ved Vegtrafikksentralen i vest er det ledig stilling som automasjonsingeniør. Vegtrafikksentralen (VTS) er Statens vegvesen sin operative beredskapseining.

Vi ser etter ein person med kompetanse og omfattande erfaring frå teknisk forvaltning og drift av datanettverk som blir brukt til automasjonsanlegg. Våre automasjonsanlegg er knytt til riks-, europa- og fylkesvegar i Vestland og Rogaland fylke.

Stillinga vil i tillegg dekkje lokal teknisk støtte ved Vegtrafikksentralen i vest, med ei blanding av langsiktig utviklingsarbeid og operativ handtering av tekniske hendingar. Det inneber system og infrastruktur som styrer fysiske installasjonar.

Arbeidsstad er Bergen, og noko reising og nattarbeid må påreknast.

https://www.youtube.com/watch?v=ebBtti4gA90

Arbeidsoppgåver

Stillinga krev at du kan jobbe med langsiktige og heilskaplege utviklingstiltak, samtidig som du raskt evnar å omstille deg for å løyse tekniske utfordringar. Du vil vere eit bindeledd mellom ulike aktørar og vegeigarar innan automasjon.

Arbeidsoppgåvene vil omfatte

  • utvikling, drift og vedlikehald av kontrollromsløysingar på VTS, til dømes videovegg, telefoniløysing og videosystem
  • planlegging, testing, feilsøking og verifisering av anlegg, samt oppfølging av entreprenørar og dokumentasjon
  • vere bindeledd mellom sentral IT og brukarane av VTS sine system for tilgangsstyring (IP-adresser, tilgongar, brannmur)
  • bidra i ulike nasjonale utviklingsprosjekt
  • gje faglege innspel slik at Vegtrafikksentralen kan utvikle seg på ein robust og trygg måte med tanke på tekniske utfordringar
  • delta og bidra aktivt i nasjonale og regionale fora for samordning og standardisering innan fagområdet SCADA og automasjon
  • andre arbeidsoppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde

Kompetansekrav

Du må ha

  • treårig relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innan automasjon, kybernetikk, elektronikk, datateknologi, ingeniørvitskap, IKT eller liknande. Omfattande relevant og dokumentert arbeidserfaring kan vege opp for manglande formell utdanning.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Stillinga krev at du må ha eller kunne få sikkerheitsklarering etter tryggingslova sine reglar.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi autorisert omsetjing av dokumenta dine og godkjenning frå HKDIR.

Det er ønskjeleg med

  • god teknisk systemforståing for automasjonsanlegg, helst innan samferdsel og veganlegg
  • erfaring med feilsøking og funksjonstesting
  • erfaring med SCADA-system
  • erfaring med videosystem (Milestone)
  • erfaring med bygging, drift og vedlikehald av automasjonssystem for veganlegg og samferdsel
  • kunnskap om tryggleik i datanettverk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • har gode samarbeidseigenskapar
  • kommuniserer tydeleg og evnar å få gjennomslag for idear og løysingar
  • er strukturert og proaktiv
  • er nysgjerrig og har evne til å setje deg inn i nye problemstillingar
  • er fleksibel og handterer høgt arbeidstempo

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt seksjonssjef Cecilie Bakke Johannessen på telefon +47 992 03 219 for ein hyggeleg og uforpliktande samtale.

Stillingsinfo

Frist27. januar 2025

Kontaktperson

Cecilie Bakke Johannessen

Seksjonssjef


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.