Fristen for annonsen har gått ut

VVS-ingeniør Sogn og Fjordane
Vil du bli ein del av eit selskap i vekst?

Kontaktperson
Stillingstyper
Industrier
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med om lag 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, brann, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer primært etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 2-3 års relevant erfaring innan VVS-faget frå rådgjevar- eller entreprenørbransje, men vi kan og vurdere nyutdanna kandidatar med relevant fagutdanning. Medarbeidarane våre innan VVS, inneklima og kuldeteknikk utgjer det leiande fagmiljøet i regionen.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå den nye sesongpromoen her: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo - YouTube
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å utvikle og styrke vår VVS-gruppe med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.
Dine arbeidsoppgåver kan vere:
- Tidlegfaserådgjeving, prosjektering og oppfølging av VVS-tekniske anlegg i små og store oppdrag primært innan bygg og eigedom- og industrimarknaden
- Energi og klimavurderingar
- Berekningar, analysar, funksjonsbeskrivelsar
- Utarbeide anbodsdokument, spesifikasjonar og kostnadsoverslag
- Oppdrags- og prosjektleiing
- Oppfølging på byggeplass
- Tverrfagleg koordinering
- Bruk av BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
- Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
- Har eit fagleg engasjement
- Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
- Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
- Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
- Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Hos oss får du:
- Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
- Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
- Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
- Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
- Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
- Fleksibel arbeidstid
- Fri heile jule- og påskeveka
- Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester sendes via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer oppmerksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama.
Ring oss gjerne for ein prat.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Industrier

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap som kombinerer ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse i små og store prosjekter for både privat og offentlig sektor. Vi jobber innen blant annet infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen» utvikler vi bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger gjennom nyskaping og innovasjon.
Med hovedkontor i Sandvika og rundt 7 200 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi sterk tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.
I Norconsult er likeverd og mangfold en grunnleggende forutsetning. Vi ønsker et arbeidsmiljø der alle har like muligheter til å utvikle seg og nå sitt fulle potensial, uavhengig av bakgrunn eller identitet. Ulike perspektiver gjør oss bedre rustet til å forstå samfunnet, løse oppdragene våre og skape innovative løsninger. Derfor ønsker vi søkere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.