
Vil du drifte nokre av Noregs viktigaste bygg?
Vi har ledige stillingar i Sogn og i Bergen.

Kontaktperson
Stillingstyper
Som eigedomsdriftar i Statsbygg får du ansvar for bygningar som betyr noko for samfunnet og framtida. Du vil bidra til drift og vedlikehald av ein veksande eigedomsmasse med stadig meir komplekse bygg. For å møte auka ansvar, fleire eigedommar og eit stadig meir omfattande drifts- og vedlikehaldsarbeid, styrkjer vi no organisasjonen og søkjer nye medarbeidarar innan drift og vedlikehald.
Avdeling for drift og vedlikehald har som mål å utnytte ressursane våre best mogleg ved å ta i bruk ny teknologi, ha gode vedlikehaldsplanar og optimalisere energiforbruket og drifta.
Vi har ledige stillingar i Sogn og i Bergen. Her er sjansen din til å bli ein del av eit dyktig team som driftar statlege eigedommar i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Bergen. I Bergen har teamet per i dag ansvar for høgskular og universitetsbygg. I Sogn er det ein portefølje av varierte eigedommar som høgskule, Bufetat-eigedom, kontoreigedommar, museum og fengsel. Teamet består av 15 dyktige medarbeidarar med kompetanse innan ulike fagområde. Vi har fokus på godt og konstruktivt samarbeid med leigetakarane våre, for å gi dei gode lokale til verksemda si. For tida byggjer vi eit nytt bygg for UiB, og ein av dei som blir tilsett i Bergen, er tiltenkt ei rolle i oppfølginga av dette frå drift si side – både under oppføring, i prøvedrift og i driftsfasen. I Sogn vil den som blir tilsett, inngå i teamet som driftar eigedommar i Sogn.
Vi ønskjer å få med endå fleire kvinner på laget! Vi har eit eige nettverk for kvinner i drift som møtest jamleg for å dele erfaringar og byggje kompetanse. Som ein del av oss får du eit godt fagleg fellesskap.
Kva går jobben ut på?
- Overvaking, drift og vedlikehald av tekniske installasjonar og SD-anlegg
- Oppfølging av HMS og internkontrollarbeid
- Dagleg oppfølging av leigetakarar, leverandørar og andre som har interesser i eigedommane
- Bestilling og oppfølging av vedlikehaldstiltak og driftsoppgåver på rammeavtalar og serviceavtalar
- Bidra aktivt til at Statsbygg når mål innan mellom anna miljø, ENØK og digitalisering av eigedomsdrift
- Delta som driftsressurs inn i små og store byggjeprosjekt/ombyggingsprosjekt
Rolla krev at du har
- Utdanning med overføringsverdi til stillinga på bachelornivå, teknisk fagskule eller fagbrev
- Kompetanse eller praksis som er relevant for drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar
- Høg digital modenheit og gode evner i bruk av relevante digitale verktøy
- Interesse for driftsoptimalisering – du vil bidra til at bygga våre fungerer betre og brukar mindre energi
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Det er ein fordel om du har kjennskap til offentlege innkjøp og erfaring med serviceavtalar og fakturabehandling
- Tverrfagleg forståing, og erfaring frå tverrfagleg arbeid er ein kompetanse som er nyttig i stillinga
- Førarkort klasse B er nødvendig for stillinga i Sogn
Kjenner du deg att i nokre av punkta – og har lyst til å lære meir hos oss? Vi oppmodar deg til å søkje!
Dette får deg til å lykkast hos oss
Du er ein person som gjer ting skikkeleg og tek ansvar for å handle i tråd med reglar, prosedyrar og planar. Du finn løysingar på utfordringar, tenkjer heilskapleg og samarbeider godt med andre for å nå felles mål. Arbeidet ditt er prega av struktur og orden, og du sørgjer for at saker blir følgde opp frå start til slutt. Samstundes er du fleksibel og handterer endringar på ein konstruktiv måte.
Som eigedomsdriftar i Statsbygg får du
- Bli ein del av ein av Noregs mest spennande eigedomsforvaltarar og prosjektgjennomførarar
- Fagleg utfordrande og givande arbeidsoppgåver og eit sterkt og breitt fagmiljø
- Eit dynamisk og tverrfagleg miljø med høgt tempo og godt humør
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom Statsbygg Kompetanse og stipendordningar
- Fleksitid og støtteordningar for trening
- Gjennom Statens pensjonskasse får du ei god pensjons- og forsikringsordning, i tillegg til tilbod om bustadlån til gunstig rente
- Utdanninga og kvalifikasjonane dine avgjer kva stillingskode du blir plassert i. Stillingskode 1087 overingeniør blir lønt frå kr 620 000,- til kr 820 000,- per år. For denne stillingskoden krevst utdanning på bachelornivå eller som fagskuleingeniør. Stillingskode 1137 driftsleiar blir lønt frå kr 600 000,- til kr 750 000,- per år. For denne stillingskoden krevst fagbrev og minimum fem års erfaring. Stillingskode 1136 driftsteknikar blir lønt frå kr 550 000,- til kr 650 000,- per år. For denne stillingskoden krevst fagbrev.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.