
Vil du bidra til å kartlegge skredfaren i Norge?
Dette er stillinga for deg med erfaring med skredfarekartlegging som ønskar å bidra til å styrke NVE sitt arbeid med skred.
Faggruppa for skred i bratt terreng har skredkartlegging som primæroppgåve, men bidrar også til NVE sitt arbeid med rettleiing, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap.
Farekartlegging er grunnlaget for det meste av risikoreduserande tiltak både i dag og i eit varmare og våtare klima. I flaum- og skredseksjonen i NVE kan du bidra til å gjere samfunnet betre rusta til å handtere desse farane.
Her har du mogelegheit til å vere ein del av eit solid fagmiljø med stor påverking på korleis skredrisikoen i Norge blir handtert!
Vi ønsker å styrke våre fagmiljø i Narvik, Hamar og Førde, men for spesielt kvalifiserte kandidatar kan Trondheim og Tønsberg også vere aktuelt.
Seksjonen har ansvar for å kartlegge fare for skred og flaum på både nasjonalt og lokalt nivå. Faggruppa for skred i bratt terreng lagar kartgrunnlag for god arealplanlegging, sikring og beredskap. Vi har og ansvar for rettleiaren for skredfareutgreiing som styrer kartleggingsmetodikken som blir brukt for å oppfylle lovkrav for ny busetnad.
Seksjonen har ansvar for nasjonal skreddatabase som samlar informasjon om skred som har gått i Norge. Vi har utstrekt samarbeid med interne og eksterne fagmiljø med fokus på kartlegging og vidareutvikling av metodikk og kartprodukt. Vi er 11 personar i faggruppa fordelt på alle NVE sine regionkontor og dei fleste har vore i NVE i mange år.
Arbeidsoppgåver vil kunne inkludere følgande basert på kompetanse:
- nasjonal skredfarekartlegging – oppfølging og kvalitetssikring.
- gjennomføre skredfareutgreiing for skred i bratt terreng
- ansvar for å dokumentere og kontrollere skred i nasjonal database
- bidra til å oppdatere rettleiar for skredfareutgreiing og anna relevant regelverk
- bidra med nasjonale GIS-analyser og liknande knytt til skredfare
- fagleg støtte til arealplanbehandling, sikring, og andre deler av skredforvaltninga
- følgje opp skredhendingar inkludert å vurdere evakueringar
Det må påreknast noko reiseaktivitet.
Kvalifikasjoner
Krav:
- master innanfor geologi, naturgeografi eller tilsvarande.
- minst to års relevant arbeidserfaring
- skriftleg og munnleg god på norsk og engelsk
- tryggingsmessig skikka for stillinga
- god evne til å samarbeide med andre, eksternt og internt
- evne til å gjennomføre feltarbeid i terreng
- førarkort B
Ønskeleg:
- kjennskap til ulike typar skredmodellering
- erfaring frå feltarbeid og analyser knytt til skredfarekartlegging
- spisskompetanse på snøskredfarekartlegging
- erfaring frå konsulentbransjen og med prosjektleiing
- erfaring med GIS-analysar, maskinlæring og KI
Personlige egenskaper
- god evne til å planlegge og styre eigen kvardag
- fagleg engasjert og ynskjer å utvikla fagområdet
- bidrar til godt samarbeid og arbeidsmiljø
Det vert lagt betydeleg vekt på om du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Som medarbeidar i NVE blir du ein del av ein sterk kunnskapsorganisasjon med eit utstrekt tverrfagleg miljø. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg utvikling, og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få varierte og utfordrande oppgåver med innverknad på viktige samfunnsområde og ei stor kontaktflate.
Der har vi tilbod om trening i arbeidstida. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk, og er opptekne av at medarbeidarane våre skal trivast og ha det godt på jobb i alle livsfasar. Vi har gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid), og medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår.
Årslønna di vil vera innanfor spennet kr 650.000 - 950.000 i stillingskode over-/senioringeniør (1087/1181) etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kan høgare lønn og stillingskode vurderast. Endeleg lønnsplassering avheng av kvalifikasjonar. Frå lønna blir trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.
Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksla mellom å jobba heimanfrå og møtast på kontoret. Det legg vi til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om delvis heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera i samsvar med NVEs gjeldande retningslinjer.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalla minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Kompetanse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi ønskjer at du legg ved vitnemål og attestar elektronisk til søknaden. Søknadspapir blir ikkje returnerte.

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i Norges vassdrags- og energidirektorat kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.
NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strømforsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.