Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Tilsynsmedarbeider

Vi ser etter deg som vil arbeida med å godkjenna og kontrollera verkstader, kontrollorgan og kontrollørar.

Statens vegvesenBergen28. november 2023
Søk her

Arbeidsoppgåver

Mykje av arbeidstida vil gå med til å utføra stikkprøver på EU-kontrollar. Vi fører dessutan tilsyn med om verksemdenes drift er i samsvar med regelverket. I tillegg arbeider vi med å stansa ulovleg verkstaddrift og motverka sosial dumping. Du må kunna formulera deg skriftleg, sidan tilsyna vert følgt opp skrifteleg i etterkant. I tillegg vil du jobba med å handsama søknader om godkjenning for både verksemder og personar.

Kontorstad vil væra Bergen trafikkstasjon, og arbeidet vil i hovudsak gå føre i Bergensområdet. Du må likevel rekna med noko arbeid i heile Tilsyn vest sitt område, som er Vestland og Rogaland fylke. Stillinga inneber difor noko reiseverksemd.

Kompetansekrav

Du må:

  • ha minimum fagbrev som bilmekanikar lette eller tunge køyretøy, eller tre-årig relevant utdanning frå universitet/høgskule i tekniske/mekaniske fag
  • formulera deg godt skriftleg og munnleg på norsk
  • ha førarrett, minimum klasse B
  • ikkje ha habilitetsmessige avgrensingar i høve til oppgåveutføringa

Det er ei føremon, men ikkje eit krav om du har:

  • erfaring frå reparasjon av køyretøy
  • godkjenning som PKK-kontrollør
  • teknisk kompetanse på tunge køyretøy
  • kunnskap om reparasjon av omfattande skade
  • kjennskap til relevant regelverk
  • gode datakunnskapar

Om du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Stillingsinfo

Frist28. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.