Fristen for annonsen har gått ut

Testutvikler
Er du ein testar som kan kode eller er du ein “kodar” som kan teste?”
Du er oppteken av kvalitet, likar å skrive kode og har evna til å tenkje kreativt. Du sørgjer for at koden er testbar og utviklar gode automatiske testar som både er robuste, stabile og enkle å køyre. Du synest KI er spennande og har nokre tankar og/eller erfaringar om korleis dette kan brukast i testing. Som testutviklar hos oss vil du jobbe tett saman med produkteigarar, utviklarar, ux-designare, løysingsarkitektar, testleiarar mm. Vi jobbar innsiktsbasert med kontinuerlege leveransar og måler løpande verdi for sluttbrukarane.
Du vil høyre til vår fagseksjon for test, beståande av testleiarar og tekniske testspesialistar/-utviklarare, med ulik erfaring og bakgrunn. Vi er etablert i Drammen, Moss og Bergen. Hos oss vil du jobbe i eit fagmiljø der vi vektlegg aktiv kunnskapsdeling. Du vil møte ein uformell tone, stor takhøgde og ein god moglegheit til å utvikle deg både fagleg og personleg. Arbeidsstad for stillinga er Bergen.
Arbeidsoppgåver:
Som testutviklar vil du:
- Utvikle, vedlikehalde, køyre og analysere automatiske testar/-resultat
- Bidra til å etablere/vidareutvikle rammeverk for testautomatisering
- Vurdere og prioritere saker eigna for testautomatisering
- Vidareutvikle og forbetre testprosesser for kontinuerlege leveransar
- Byggje kvalitetskultur saman med teamet
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå
- Erfaring med programmeringsspråk som Java, JavaScript, Python og C#
- Kjennskap til ulike testrammeverk og -verktøy, som Cypress, Playwright, Browserstack, Gatling etc.er ein fordel
- Kunnskap om CI/CD-pipelines er en fordel
- Erfaring med smidige prosjekt, og gjerne kjennskap til DevOps
- Ein eller fleire testsertifiseringar er ein fordel
Stillinga krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
For kandidater med sterk og allsidig forståelse for de aktuelle fagområdene, og gode personlige forutsetninger for stillingen, kan kravet til utdanning fravikes.
Dersom du har tatt hele eller deler av utdanningen din i utlandet, anbefaler vi en autorisert oversettelse av dine papirer og godkjenning fra HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kven er du?
- Du er ein kvalitetsentusiast
- Du har ein teknisk bakgrunn og forståing
- Du er ein omgjengeleg person, som trivst like mykje å jobbe sjølvstendig, som i team
- Du er like glad i å lære som du er i å lære bort kunnskapen som du sit på
- Du er nysgjerrig på moglegheiter teknologi gir for prosessforbetring, effektivisering og utvikling
- Du er analytisk og strukturert
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.