Fristen for annonsen har gått ut

Teknisk byggeleiar veg

Vil du leie bygginga av framtidas infrastruktur?

Statens vegvesenStraume2. februar 2025
Søk her

Kontaktperson

Håkon Matre

Prosjektleiar

+47 411 22 137

Statens vegvesen har ledig stilling som Teknisk byggeleiar veg på den største kontrakten nokon sinne i vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet.

Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS). Sotra Link AS skal byggje på vegne av vegvesenet og har per i dag ca. 800 personar i arbeid. Byggjetida er rekna til fem år, med trafikkopning 1. juni 2027, og ferdigstilling i 2028. Prosjektet byr på spanande utfordringar og høgt tempo.

Vegvesenet har etablert eit kompetent og variert prosjektteam med om lag førti medarbeidarar som skal følgje opp prosjekteringa og bygginga av heile prosjektet. Teamet møter dagleg fagleg kompliserte oppgåver og utfordringar som vert løyste tverrfagleg.

Stillinga vil vere ein del av ei tverrfagleg gruppe på vel 8 personar som skal ha ansvar for å følgje opp vegbygging i prosjektet.

Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.

Les meir om Sotrasambandet HER

Arbeidsoppgåver

  • teknisk oppfølging i byggjefasen knytt til veg med spesialområde vegbygging og utforming
  • teknisk oppfølging av leverandøren si prosjektering for gjennomføring
  • oppfølging av leverandørens gjennomføring og dokumentasjon
  • følge opp OPS leverandøren si etterleving av krav i kontrakten, forskrifter, handbøker og normalar innan fagområdet
  • saman med leiar innan fagområdet skal du leie arbeidet med utarbeiding og oppfølging av teknisk kvalitet av fagområdet i felt
  • koordinere grensesnitt på tvers av fagområde, spesielt mot VA

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har:

  • 3-årig teknisk utdanning frå høgskule eller universitet
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

For kandidatar med sterk og allsidig erfaring frå fagområdet, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi legg vekt på at du:

  • finn god balanse mellom operativt og strategisk oppfølging
  • er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
  • bidreg aktivt i oppfølging av OPS leverandøren, kommunar og andre interessentar i prosjektet
  • samarbeider godt og trivest med å jobbe med fleire oppgåver samtidig

Det er en fordel om du har erfaring med noka av dette:

  • bygging av veg
  • bruk av BIM
  • arbeid i fleirfaglege prosjekt med høg kompleksitet
  • oppfølging av leverandørar og utstyr knytt til fagområdet
  • å følgje opp aktivitetar til å leie komplekse oppgåver
  • prosjektering av veg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt prosjektleiar Håkon Matre tlf. 411 22 137

Stillingsinfo

Frist2. februar 2025
Arbeidsspråkno

Kontaktperson

Håkon Matre

Prosjektleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.