Fristen for annonsen har gått ut

Technical Textile Engineer
Bli med å setje standarden for framtidas havbruk

Kontaktpersoner
Me gjer det; me satsar på framtida og generasjonane etter oss. Me skal revolusjonera havbruksnæringa. Fisken skal ha det godt i Eide si lukka teknologisatsing, ein banebrytande havbruksteknologi; Watermoon. Me skal produsera sjømat på ein ny måte der me har kontroll på innsatsfaktorane, sensorar og dataanalyse vil gjere at me kan tilpassa produksjonen på ein måte som aldri før har vore mogeleg. Eide skal bane veg for eit meir berekraftig havbruk. I framtida vil havbruksnæringa produsera langt meir berekraftig sjømat, det veit me. Eide skal setje standarden og leggje lista høgt.
Prosjektet har hatt stor framdrift og me er no klare for å styrkje laget med ein Technical Textile Engineer. For at me skal sikre oss suksess treng me fleire dyktige kollegaer med på laget, er du den me leitar etter? Saman skal me sikre at Watermoon blir den leiande plattforma for berekraftig havbruk i verda med
- Berekraftig havbruk basert på fornybare ressursar og dei naturlege høva i fjord og hav
- Lønsame produkt og løysingar for framtidas havbruk
- Oppfylling av verksemda si strategiske berekraftmål
https://efb.no/berekraftrapport
Om rolla
Som Technical Textile Engineer blir du viktig for å setje standarden for framtidas havbruk. Du skal jobbe tett med den gruppa som er dedikert til å jobba med å utvikla teknologien til det nye lukka anlegget til produksjon av fisk, du vil vera med på å omsetja strategiske satsingar til konkret teknologi. Målet er berekraftig havbruk basert på fornybare ressursar og dei naturlege høva i fjord og hav.
Som vår nye ingeniør innan tekniske tekstilar vil du jobbe med:
- Design og engineering av våre duk - konstruksjonar med fokus på design for produksjon
- Utarbeida produksjonsprosessar og følge opp produksjonen vidare
- Følge opp leverandørar og leveransar
- Tileigne deg ny spesiell kunnskap på programvare for duk design
- Du vil vere ein viktig ressursperson innafor fagområdet
- Du vil rapportere til Disiplin leiar for tekniske tekstilar og arbeide i verksemda si prosjektportefølje
- Du vil samarbeide tett med prosjektleiar og heile prosjektteamet for å nå fastsette, felles mål
- Global og lokal design av duk - løysingar.
- Å analysera globale og lokale laster, samt vass- straumar med tilhøyrande styrkeberekningar
Hovudoppgåver:
- Bidra til å samle og strukturere idear som kan danna grunnlaget for nye løysingar innanfor duk
- Identifisere mogelegheiter og avgrensingar i dukmateriala i høve design og konsept
- Bidra til god utvikling, produksjon og vedlikehald av dukmaterialar i verksemda m.m
- Følgje opp underleveransar av dukmaterialar og samansette dukprodukt.
- Følgje opp design- og ingeniørleveransar knytt til dukløysingar m.m
- Samarbeid og dialog med prosjektgruppa for å sikre at heilskapsløysingar kjem i fyrste rekkje
- Sikre at teknologiar som involverer duk blir utvikla og produsert på ein god måte
- Vere med på å utvikle og teste prototypar fram til ferdig produkt
- Vere pådrivar slik at ein kan vidareutvikle komponentar og løysingar innanfor dukteknologi m.m
- Technical Textile Engineer har ei naturleg rolle som støttespelar og ressurs for Disiplinleiar.
- Det er ynskjeleg at ein aktivt bidreg kring strategiske val som sikrar høg kvalitet, samt optimalisering av tid og kostnad i prosjekta.
Watermoon -teamet vil heile tida evaluerer og optimaliserer slik at ein under vegs kan justera retninga, her spelar sjølvsagt Technical Textile Engineer også ei viktig rolle.
Kvalifikasjonar:
Utdanning innan relevante fagfelt som til dømes seglmakar, ingeniør innan tekstil eller liknande, dette er ikkje eit krav, men me vil oppmode fagfolk som har erfaring med tekstil å søkje på denne stillinga. Det er sjølvsagt ein stor fordel dersom ein også har erfaring innan havbruk gjerne i liknande stilling, men dette er ikkje noko krav.
Personlege eigenskapar:
- Handlar på eige initiativ, får ting til å skje og tar ansvar
- Samarbeidar godt med andre; deler kunnskap, erfaring og visar veg
- Gjennomføre planar og oppnår gode resultat
- Er systematisk, planlegg framover og gjer klare prioriteringar
- Analyserer problemstillingar effektivt og tar gode faglege vurderingar
- Produserar nye og innovative idéar og løysningar
Me tilbyr:
Hos oss vil du arbeida med høgteknologi på sjø. Ditt fagfelt vil vera heilt sentral for verksemda si suksess i framtida. Me tør å satse, både på visjonar og på folk.
Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha veldig gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.
Me har eit motto: Det viktigaste er å ha det gøy. Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett i Eide Fjordbruk vil du komme inn i ei verksemd med stort fokus på utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid. Me har alltid sterkt fokus på måla våre, samt evna vår til å gjennomføre. Me kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning. Du vil ha tilgang på kontorfasilitetar både i Bergen og ved hovudkontoret i Eidestøa.
Søknadsinformasjon, Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg oppfordrar me deg til å sende inn ein kort video der du fortel:
Kort om deg og din bakgrunn
Dersom du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med
Personalsjef Berit Hovstad tlf 484 45 520/berit.hovstad@efb.no eller Disiplinleiar Arne Dalland på tlf. 915 37 425/arne.dalland@efb.no
For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.
Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.
Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein industridesignar med på laget.