Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Structural Project Engineer

Bli med å utvikla ny havbruksteknologi

Eide FjordbrukBergen6. august 2023
Søk her

Kontaktpersoner

Berit Hovstad

Personalsjef

berit.hovstad@efb.no

Maria Danielsen

Discipline lead Engineering

Me vil revolusjonera næringa, og korleis me produserer berekraftig sjømat for vår og framtidas generasjonar. I Eide satsar me og utviklar banebrytande havbruksteknologi. Me har gitt den namnet Watermoon. Har du lyst til å bli ein avgjerande brikke for at prosjektet blir ein suksess? Prosjektet har hatt stor framdrift, og me er klare for å styrke laget med ein Structual Project Engineer

Watermoon er ei lukka teknologisatsing som vil la opp produsera sjømat på ein ny måte der me har kontroll på innsatsfaktorar. Gjennom Watermoon Vision vil bruk av sensorar og dataanalyse gjere at me kan tilpasse produksjonen på ein måte som aldri før har vore mogeleg, og bane veg for eit enda meir berekraftig havbruk.

Om rolla

  • Delta i innovasjon og teknologiutvikling med styrkeberegninger, lokalanalyser, testing og modellforsøk.
  • Vera rådgjevar og ressursperson i val av materialar, installasjonar, utstyr og verktøy.
  • Utarbeide analyser og bidra med dokumentasjonsgrunnlag til sertifisering av våre produkter.
  • Definere og kontrollere kravspesifikasjonar for ny teknologi og innovasjonan
  • Samarbeide på tvers med kollegaer og eksterne underleverandører for å sikre kvalitet og overholdelse av spesifikasjoner.

Samtidig vil du ha ei rolle som støttespelar i prosjekta gjennom å:

  • Vara ein aktiv sparring-partner for disiplinleiar design, disiplinleiar engineering og prosjektleiaren i veival og evaluering av prosjekt
  • Teknisk bistand i konsept og detalj design fasen av prosjekter, samt ved innkjøp av tekniske tenester og komponentar
  • Bidra i val som sikrar ynskja kvalitet, tid og kost på prosjekter
  • Bidra til god overføring frå prosjektering til verdiskapande løysningar og erfaringsoverføring frå prosjekt til øvrig organisasjon

I rolla vil du rapportere til Discipline lead Engineering, og samarbeide tett med prosjektteamet og organisasjonen. For den rette kandidaten vil det være gode moglegheiter for vekst i rolla.

Ynskte kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan ingeniørfag, fortrinnsvis med spesialisering innen strukturanalyse eller tilsvarende relevant fagbakgrunn.
  • Erfaring innan FEM-analyser og konstruksjonsteknikk
  • Kunnskap om materialegenskaper og analyse av blant annet stål og/eller PE.
  • Kompetanse/erfaring med styrkeberekningar
  • Fordel med kjenskap til programvare som Inventor, Solidworks o.l.
  • Relevant erfaring kan kompensere for høgare utdanning

Personlege eigenskapar

  • For å lykkast i rolla er det viktig at du:
  • Handlar på eiget initiativ, får ting til å skje og tar ansvar
  • Samarbeider godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og gjer støtte
  • Gjennomfører planar, og oppnår gode resultat
  • Evne til å jobbe bredt på tvers av fagfelt og forstå komplekse problemstillinger.
  • Er systematisk, planlegg framover og gjer klare prioriteringar
  • Har særs gode analytiske evner, og er ein "tallknusar"
  • Produserer nye og innovative idéar og løysningar, samt optimalisering av eksisterende infrastruktur

Me tilbyr

Hos oss vil du arbeide med høgteknologi på sjø, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide kjem du inn i ei verksemd som vil og får til. Me tør å satse, både på visjonar og på folk. Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha veldig gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.

Me har eit motto: Det viktigaste er å ha det gøy . Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett i Eide Fjordbruk vil du komme inn i ei verksemd med stor grad av utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid.

Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning. Du vil ha tilgang på kontorfasilitetar både i Bergen og ved hovudkontoret i Eidestøa.

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg oppfordrar me deg til å sende inn ein kort video der du fortel:

  • Kort om deg og din bakgrunn
  • Motivasjonen din for rolla
  • Kva dine styrker er inn i rolla

Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med Personalsjef Berit Hovstad tlf 484 45 520/berit.hovstad@efb.no eller Discipline lead Engineering Maria Danielsen på tlf. 992 27 662

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Stillingsinfo

Frist6. august 2023

Kontaktpersoner

Berit Hovstad

Personalsjef

Maria Danielsen

Discipline lead Engineering


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Eide Fjordbruk

Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.

Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.

Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein industridesignar med på laget.