Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Strategisk rådgjevar med teknisk/maritim kompetanse

Strategisk rådgiver med teknisk/maritim kompetanse

Statens vegvesenFlere steder12. april 2023
Søk her

Om stillinga

Har du teknisk/maritim bakgrunn og ønskjer å jobbe i eit leiande kompetansemiljø for innkjøp av ferjetenester og oppfølging av driftskontraktar for ferjesamband? Då har me stilling ledig som kan passe deg!

Arbeidsoppgåver

Du vil primært få oppgåver innan den strategiske porteføljen til avdelinga, men må vera førebudd på å bidra på andre område også som t.d. kontraktsoppfølging eller innkjøp. Du kan bli bede om å leia større prosessar eller prosjekt. Gjennom desse oppgåvene kan du bidra til å utvikla den norske ferjemarknaden.

Ferjeavdelinga er del av divisjon Drift og vedlikehald som du kan lese meir om her.

Avdelinga leier an i det grøne skiftet innanfor maritim sektor. Vi har ei stor omsetning og forvaltar ein kontraktsportefølje verd om lag 20 milliardar kroner fordelt på 16 riksvegferjesamband. Avdelinga er også Samferdselsdepartementets fagorgan for ferje. Vidare forvaltar ferjeavdelinga riksregulativa for ferjetakstar og er systemeigar av Autopass for ferje. Avdelinga har medarbeidarar spreidd rundt i landet og kontorstad for stillinga er primært Molde, Stavanger eller Bodø, men anna kan avtalast.

Me søkjer no etter deg som vil vera med å utvikla dei tenestene me leverer til publikum ytterlegare i tråd med verdiane Statens vegvesen byggjer arbeidet sitt på. For å utvida breidda i kompetansen til avdelinga ønskjer me oss no ein kollega med teknisk og/eller maritim bakgrunn.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan relevante tekniske eller maritime fag. Har du sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan krav til utdanning fråvikast. Arbeidsoppgåvene krev at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi ønskjer videre at du har

  • strategisk, administrativ og/eller operasjonell erfaring innan relevant teknisk/maritim verksemd
  • erfaring frå resultatdrivne organisasjonar/prosessar

Har du erfaring frå offentleg sektor og/eller kontraktar og innkjøp vil det vera ein fordel.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du er samarbeidsorientert, engasjert og har evne til å arbeida strukturert mot fastsette mål og at du:

  • kommuniserer klart og presist, og er god til å byggja relasjonar
  • har gjennomføringskraft og kan sikra god kvalitet i leveransane
  • har god digital kompetanse
  • har evna til å sjå samanhengen mellom behov for løysingar i dag og framtidige behov
  • er oppteken av kontinuerleg forbetring og løyser oppgåvene smidig og effektivt

Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkarlista er offentlig

Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Dag Hole, tlf. 901 09 101.

Vi tilbyr

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.

Vi tilbyr deg også desse godene:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stillingsinfo

Frist12. april 2023
ArbeidsspråkNorsk

Industrier

Marinteknikk

Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.