
Sommarstudent 2026 innan geoteknikk
Norconsult Sogn og Fjordane søker no etter dyktige sommarstudentar

Kontaktperson
Vi søker no etter dyktige sommarstudentar med fagleg engasjement og arbeidsglede til sommarjobb i Sogn og Fjordane. Du vil få moglegheit til å vere med i team som prosjekterer og løyser dei utfordringane vi til ei kvar tid har teke på oss. Du vert med i eit slagkraftig, tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande og spennande oppgåver.
Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge, der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.
Vi tilbyr komplette tenester innan geoteknikk frå moglegheitsstudie og prosjektering til oppfølging under bygging. Som geoteknikar hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe mot spennande tverrfaglege prosjekt i både Norge og utland. Vi er stolte av eit tett samarbeid på tvers av regionar og kontorlokalitetar i Norconsult.
I Sogn og Fjordane har Norconsult kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
I Sogn og Fjordane samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.
I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag geoteknikarar på Sandane og i Sogndal. Vi ønskjer først og fremst søkarar til desse lokasjonane, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal
Ta også ein kikk på serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Les meir om korleis det er å vere sommarstudent i Norconsult her:https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---student/
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- Generell bistand til planlegging og prosjektering i pågåande oppdrag innan ditt fag
- Utarbeiding av notat og rapportar
- Utarbeiding av digitale teikningar og modellar
- Delta på møte og synfaringar
For oss er det viktig at du:
- Fortrinnsvis er masterstudent på 3. eller 4.året, eller bachelorstudent på 2 året, med relevante fagval
- Har kompetanse innan bruk av relevante digitale prosjekteringsverktøy for ditt fag (Revit, Civil 3D, Focus, Novapoint etc.)
- Er engasjert, positiv og nysgjerrig - tek iniativ
- Er strukturert og pliktoppfyllande
- Tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig med oppgåver
- Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø
- Har gode norsk-kunnskapar, både skriftleg og munnleg
Som sommarstudent hjå oss får du:
- Konkurransedyktige løns- og tilsettingsvilkår
- Innblikk i korleis det er å jobba i rådgjevarbransjen
- Faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
- Godt arbeidsmiljø og fadderordning
- Sommarstudentdag i Oslo for heile landet
Innsending av søknad:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.
For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.