Fristen for annonsen har gått ut

Sommarstudent 2024 Geoteknikk

Kickstart karrieren din med sommerjobb hos Norconsult!

Norconsult ASSogndal23. oktober 2023
Søk her

Kontaktperson

Arne Moen

Avdelingsleder Kontor

Arne.Moen@norconsult.com

Vi søker no kandidatar til sommarjobb til kontoret vårt i Sogn og Fjordane. Du vil få moglegheit til å vere med i team som prosjekterer og løyser dei utfordringane vi til ei kvar tid har teke på oss. Du vert med i eit slagkraftig, tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande og spennande oppgåver.

Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for tida av totalt omlag 80 sivilingeniørar, der ca. halvparten av desse er lokalisert ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.

Norconsult har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med omlag 80 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

I Sogn og Fjordane har vi geoteknikarar på Sandane og i Sogndal, og ønskjer difor primært sommarstudent til ein av desse to lokasjonane. Ønskje om andre lokasjonar vil også bli vurderte.

Lokalt samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg. Det geotekniske miljøet i Norconsult har ein stor andel seniorar som er fremst i faget i Norge, som bidreg til erfaringsutveksling og gir oss moglegheiter til å ta på oss spennande prosjekt.

Norconsult har eit sterkt miljø innanfor digitalisering. Gjennom fleire store oppdrag har vi opparbeida høg kompetanse og erfaring med scripting, datavisualisering, 3D-/BIM-modellering og parametrisk programmering. Interesse innanfor desse områda vil vere ein fordel.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Les meir om korleis det er å vere sommarstudent i Norconsult her:https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---student/

For oss er det viktig at du:

  • Er kreativ
  • Er engasjert, positiv, initiativrik og motiverande
  • Er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team
  • Har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Hos oss får du:

  • Miljøbevisst samfunnsplanlegging
  • Fadderordning, sosiale og faglege arrangement, bedriftsidrettslag m.m.
  • Sommarstudentdag i Sandvika for heile landet
  • Konkurransedyktige løns- og tilsettingsvilkår

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit tverrfagleg rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Stillingsinfo

Frist23. oktober 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Arne Moen

Avdelingsleder Kontor


Stillingstyper

Internship & sommerjobb

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.