Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Sommarjobb

Vi søkjer etter unge, kreative og engasjerte sommarstudentar med fagleg engasjement og arbeidsglede.

Norconsult ASSogndal2. april 2024
Søk her

Kontaktperson

Tone Kristin Myklebust Kvåle

Leder kontor

Tone.Myklebust.Kvale@norconsult.com

Kvart år tek Norconsult imot omlag 100 studentar på sommarjobb, både ved hovudkontoret i Sandvika og ved fleire andre av lokalkontora rundt om i Norge. Som sommarstudent i Norconsult vil du få jobbe med spennande oppgåver, fortrinnsvis i faktiske oppdrag for eksterne kundar, der målet er at du får brukt teorien du har lært i praksis.

Norconsult i Sogn og Fjordane er eit kontor i vekst og har arbeidsstader i Førde, Sogndal, Gaupne, Sandane, Nordfjordeid og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, VA, konstruksjon, elektro, VVS, brann, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, industri/maskin/prosess, byggje- og anleggsteknikk og prosjektadministrasjon.

Vi er omlag 80 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, og hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Fortrinnsvis søker vi etter sommarstudentar innan følgjande fag og kontorstader, men andre fagområde og kontorstader kan vere aktuelle:

  • Geoteknikk, Sogndal eller Sandane
  • Ingeniørgeologi, Sogndal eller Førde
  • VVS, Sogndal eller Førde
  • Vatn og avløp, Sogndal, Førde eller Nordfjordeid
  • Vegplanlegging, Sogndal, Førde eller Nordfjordeid

Oppgje i søknaden kva arbeidsstad du søker på og din motivasjon for å jobbe hjå oss. Vi vil ta ei totalvurdering av alle søkarane med mål om å tilsetje 2 - 3 sommarstudentar totalt.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår her:

https://www.norconsult.no/radgiverne/

Les meir om korleis det er å vere sommarstudent i Norconsult her:

https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---student/

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • Generell bistand til planlegging og prosjektering i pågåande oppdrag innan ditt fag
  • Utarbeiding av notat og rapportar
  • Utarbeiding av digitale teikningar og modellar
  • Delta på møte og synfaringar

For oss er det viktig at du:

  • Fortrinnsvis er masterstudent på 3. eller 4.året, eller bachelorstudent på 2 året, med relevante fagval
  • Har kompetanse innan bruk av relevante digitale prosjekteringsverktøy for ditt fag (Revit, Civil 3D, Focus, Novapoint etc.)
  • Er engasjert og nysgjerrig, tek iniativ
  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Som sommerstudent hjå oss får du:

  • Konkurransedyktige løns- og tilsettingsvilkår
  • Innblikk i korleis det er å jobba i rådgjevarbransjen
  • Faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø og fadderordning
  • Sommarstudentdag i Sandvika for heile landet

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovudkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 000 medarbeidarar fordelt på over 130 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (tal pr. andre kvartal 2023).

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss med å forstå alle deler av samfunnet, det utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

Stillingsinfo

Frist2. april 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Tone Kristin Myklebust Kvåle

Leder kontor


Stillingstyper

Internship & sommerjobb,Privat

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult AS er med sine 5300 ansatte Norges største flerfaglige rådgiver rettet mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tjenester nasjonalt og internasjonalt knyttet til bygg og eiendom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerhet og vann og avløp. Selskapet som er eid av de ansatte har hovedkontor i Sandvika og mer enn 96 andre kontorer i Norge og utlandet.