Fristen for annonsen har gått ut

Sivilingeniør/ingeniør elektro
Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida?
I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.
Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg. Vi ser etter deg som ønskjer å vidareutvikle både deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til vidareutvikling av faget. Her vil du få moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. Med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis, får du i Norconsult tilgang til Norges største fagmiljø innan elektro og automatisering å støtte deg på.
Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!
Vi jobbar med både eksisterende og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breidt spekter av prosjekt innan t.d. næringsbygg, undervisning, helse og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og parkeringsanlegg inkludert ladeanlegg for el-bilar.
Bli med å forme berekraftige samferdselsanlegg for framtida!
Vi designar og prosjekterer alle elektrotekniske installasjonar for alt frå de største samferdselsprosjekta innan veg og gate, jernbane og sporveg, lufthamner og hamner, til infrastrukturprosjekt for privat- og offentleg sektor. Vi jobbar med ulike entrepriseformer, frå utføring- til totalentreprise og samspelentreprisar. Vi har ambisiøse klimamål i dette landet og vi er ein leiande rådgjevar innan elektrifisering.
Bli med å forme norsk berekraftig Industri for framtida
Verdiskapende industri er det vi skal leve av her i landet, og vi er fortida involvert i mange spennande oppgåver og moglegheiter knytt til ny grøn industri i Årdal, Høyanger og ved kysten av Sogn og Fjordane. Vi jobbar i alle fasar av prosjekta, og mot all type industri, frå t.d. etablert tungindustri til farmasi og næringsmiddel, energigassar, akuakultur, fornybar grønn industri, samt prosess og vassmiljø.
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med omlag 80 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har ca 35 medarbeidarar innan elektro i regionen.
Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.
Vi set pris på om du:
- Har eigne kunderelasjonar og stort kontaktnett
- Har erfaring innan oppdragsleiing og evne til å leie team i oppdrag
- Er effektiv og fremoverlent
- Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
- Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
- Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan industri, bygg og anlegg eller samferdsle og infrastruktur anlegg
- Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
- Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
- Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
- Tverrfagleg koordinering
- Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
- Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
Hjå oss får du:
- Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
- Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
- Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
- Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
- Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
- Fleksibel arbeidstid
- Fri heile jule- og påskeveka
- Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Kontaktpersonar for stillinga:
- Sunnfjord/Nordfjord: avdelingsleiar Førde Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. +47 454 04 686, eller
- Sogndal: gruppeleiar Tekniske system Jan Sølve Haugen, jan.solve.haugen@norconsult.com, tlf. +47 995 47 941
- Årdal: avdelingsleiar Robert Sandvik, robert.sandvik@norconsult.com, tlf +47 917 16 211
Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovudkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 000 medarbeidarar fordelt på over 130 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades.
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.
For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.