Fristen for annonsen har gått ut

Sivilingeniør /ingeniør elektro

Norconsult ASFørde28. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Jan Sølve Haugen

Gruppeleder

Jan.Solve.Haugen@norconsult.com

Norconsult sitt miljø innan elektroteknikk utgjer i dag omlag 300 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg. Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med omlag 75 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.

Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan industri, bygg og anlegg eller samferdsle og infrastruktur anlegg
  • Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
  • Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Hos oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Kontaktpersonar for stillinga:

  • Sunnfjord/Nordfjord: avdelingsleiar Førde Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. 45404686, eller
  • Sogndal: gruppeleiar Tekniske system Jan Sølve Haugen, jan.solve.haugen@norconsult.com, tlf. 99547941
  • Årdal: avdelingsleiar Robert Sandvik, robert.sandvik@norconsult.com, tlf 91716211

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Stillingsinfo

Frist28. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.