Seniorrådgjevar
Vil du bidra til gode investeringar knytt til sikringstiltak mot flaum og skred?
Kontaktpersoner
Nøkkelord
Det er planlagt større investeringar knytt til sikringstiltak av eksisterande busetting i Noreg. Sikringstiltak for å hindre skadar frå flaum- og skredhendingar vert stadig meir omfattande og komplekse, og det er difor viktig at vi tek gode avgjersler. NVE må rigge seg med gode prosedyrar og prosessar, jf. statens prosjektmodell.
Vi søkjer ein medarbeidar som m.a. skal medverke i arbeidet med å utarbeide og kvalitetssikre konseptvalutgreiingar og styrande dokument. Seksjon for sikring har ansvar for at NVE nyttar kunnskapsgrunnlaget for strategisk prioritering av sikringstiltak for eksisterande busetting. Innafor dette området har seksjonen ansvar for at det vert utført ulike utgreiingar innafor statens prosjektmodell. Som medarbeidar i seksjonen vil du høyre til eit sterkt fagmiljø med 16 medarbeidarar og arbeide tett med andre fagmiljø i NVE.
Dette er ei nyoppretta stilling som er etterspurt i organisasjonen. Hjå oss vil du få høve til å påverke, du vil få eit godt nettverk, og du vil få erfaring med mange interessante og spennande vurderingar i heile Noreg. Vi lovar deg ein arbeidsplass der du vil oppleve samhald og trivsel, og der du får ein arbeidsdag med arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling, og som er viktige for samfunnet. Kontorstad vil vere ved vårt hovudkontor i Oslo.
Arbeidsoppgåver:
- bidra til å etablere prosedyrar og prosesser for større og komplekse sikringstiltak, jf. statens prosjektmodell
- utvikle prosjektfaget med omsyn til prosjektstyring av sikringstiltak, mellom anna knytt til risiko- og uvissestyring og gjennomføringsstrategi (t.d. knytt til realopsjonar, framdriftsstyring, porteføljestyring osb.)
- medverke i arbeidet med å utarbeide og kvalitetssikre konseptvalutgreiingar og styrande dokument
- kvalitetssikre investeringssaker og beslutningsdokumentasjon
- medverke i arbeidet med porteføljestyring av sikringsprosjekt, m.a. med omsyn til prioriteringsrekkefølgje for store og mellomstore prosjekt
- medverke i arbeidet med å sikre at det vert teke omsyn til miljø og berekraft i prosjektgjennomføring, for eksempel ved å etablere prosessar for korleis ein kan tenkje sirkulærøkonomi i sikringsporteføljen
- utvikle krav og rettleiing i direktoratet sitt styringssystem innafor fagområdet
- gi støtte og opplæring til kollegaer innafor fagområdet (bidra til planlegging, gjennomføring og oppfølging av kompetanseformidling)
- halde seg oppdatert på utvikling innafor fagområdet nasjonalt og internasjonalt
Kvalifikasjonar:
Krav:
- relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan økonomi, samfunnsfag, administrasjon og leiing, prosjektstyring eller ingeniørfag
- relevant arbeidserfaring, god prosess- og metodeforståing, gjerne erfaring med utvikling av metodikk, rettleiing og rutinar
- solid fagleg kunnskap om og erfaring frå praktisk arbeid med statens prosjektmodell, som utarbeiding eller kvalitetssikring av konseptvalutgreiingar, forprosjekt m.m.
- kjennskap til/erfaring med utgreiingsinstruksen
- erfaring og kjennskap frå prosjektleiing generelt og risiko- og uvisseanalysar særskilt
- god skriftleg og munnleg norsk og engelsk
- førarkort klasse B
- tryggingsmessig skikka
Ønskjeleg:
- erfaring frå prosessleiing i uvisseanalysar
- kunnskap om offentlege beslutningsprosessar
- kjennskap til miljø og berekraft i prosjekt, t.d. sirkulærøkonomi
- erfaring frå virksomhetsstyring eller anna strategisk arbeid
- god digital kompetanse og erfaring med bruk av dataverktøy
- erfaring innan kvalitetssikring av konseptvalutgreiingar og/eller forprosjekt
- fysikk til å ferdast i ulendt terreng ved behov
Personlege eigenskapar:
- faglig engasjert, initiativrik og evne til å sjå gode løysingar
- tek sjølvstendig ansvar for arbeidsoppgåvene
- strukturert; du kan arbeide planmessig, sjølvstendig og med grannsemd
- du må kunne samarbeide godt med kollegaer og leiarar, og med eksterne aktørar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse og betydning
- du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
- seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
- du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
- livsfaseorientert personalpolitikk
- gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
- mulegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
Stillinga vert lønna innan spennet kr 580 000 – 800 000, som avdelings-/over-/senioringeniør (1085/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi ber om at vinemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.
Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.
Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i Norges vassdrags- og energidirektorat kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.
NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strømforsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.