Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Seniorrådgivar

Statens vegvesenLeikanger23. april 2023
Søk her

Å ta vare på det vi har er noko av det finaste vi kan gjere for samfunnet og klima. Blir du med på det? Drift og vedlikehald i vest held riks- og europavegane i vest sikre og framkommelege. Vi søker deg inn i stilling som Seniorrådgivar i leiingsstaben for område vest. Dette er ein utfordrande jobb der nettopp du kan bidra og påvirke!

Arbeidsoppgåver

Du vil gå inn i eit team med fleire der endeleg arbeidsfordeling og overlapp vil bli avklara internt. Det er eit utprega teamarbeid i lag med mange dyktige kollega. Du vil være med på å forvalte store verdiar for det beste for samfunnet, trafikktryggleik og framkomelegheit. Du vil arbeide med Nasjonal Transportplan (NTP) og gjennomføringsplan, samt styringsstøtte i avdeling og mot divisjon. Videre vil dine arbeidsoppgåver være:

  • Bidrag til statsbudsjett og resultatavtale i divisjon.
  • Rapportering.
  • Budsjett for drift og vedlikehald.
  • Investeringer både overordna og på detaljnivå.
  • Prosjektavklaring for utbygging og vedlikehaldsprosjekt.
  • Rolle i krisestab ved hendingar.

Noko reising må ein rekne med. Kontorstad er Leikanger.

Kompetansekrav

Vi søkjer deg med god forståing innan økonomi og styring av kompleks avdeling med stor aktivitet.

  • Du har relevant utdanning frå universitet/høgskule, minimum 3 år. Relevant utdanning er innan økonomi, samfunnsfag, offentleg administrasjon, statsvitenskap eller anna. For søkarer med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • God fagleg tyngd frå økonomiarbeid
  • Du har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og må beherske begge målføre
  • God kjennskap til bruk av dataverktøy og spesielt Excel

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du:

  • Er analytisk, jobber systematisk og tenker strategisk
  • Innehar gode samarbeidsevner og kunne rettleie andre då det er mykje teamarbeid
  • Er flink til å forberede og framstille saker
  • Evner å jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ
  • Er interessert i og følgjer med på samfunnstrendar

Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkarlista er offentlig

Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunn. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Svenn Egil Finden tlf. 95148614.

Vi tilbyr

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.

Vi tilbyr deg også desse godene:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stillingsinfo

Frist23. april 2023
ArbeidsspråkNorsk

Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.