Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonssjef Plattformtjenester

Er du motivert for å leia medarbeidarane i seksjonen vår vidare?

Statens vegvesenFlere lokasjoner5. juni 2023
Søk her

Plattformtjenester er ein av fem seksjonar på Infrastruktur og drift IT. Seksjonen har 23 medarbeidarar med svært god kompetanse. Organisasjonen vår er fullt ut teamorganisert og teama har ansvar for tenenesteleveransane, mens seksjonane har ansvar for medarbeidarane.

Vi har ansvar for drift og forvaltning av leveransar knytt til etaten sine internt drifta og skybaserte database-, applikasjonsserver- og overvåkingsløysingar.

Vi søkjer deg som er motivert for å leia medarbeidarane i seksjonen vår vidare! Stillinga inngår i leiargruppa til avdelingsdirektøren for Infrastruktur og drift IT. Moglege kontorstadar for stillinga er Drammen, Skien, eller Moss. Plattformtenester er spreidd over fleire kontorstader - samarbeid og leiing er difor både fysisk og elektronisk. Det er noko reising i stillinga. Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkja på leiarstillingar hos oss i Statens vegvesen IT.

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for seksjonen sine medarbeidarar, med for tida sju ulike kontorstadar
  • Budsjett- og økonomiansvar i samarbeid med verksemds- og teamleiarar
  • Sikre at seksjonen har rett kompetanse til oppgåveløysing
  • Rapportering
  • Samarbeid med andre einingar i IT og fagdivisjonane i Statens vegvesen

I tillegg har vi behov innanfor følgjande område, og det er ønskjeleg med kompetanse i ein eller fleire av desse retningane:

  • Teambygging, -utvikling og -støtte
  • Smidig metodikk / smidig coach
  • Organisasjonsutvikling
  • Økonomioppfølging på overordna nivå
  • Test og testleiing innan infrastruktur og/eller utvikling av system
  • Offentlege innkjøp og oppfølging av leverandørar

Kvalifikasjonar

Høgare relevant IT-utdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

  • God forståing for fagområdet IT.
  • Erfaring frå personalleiing i eit IT-miljø.
  • Erfaring med å følgja opp leverandørar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er eit krav for stillinga.

Om du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi ønskjer oss ein leiar som

  • samarbeider godt med menneske med ulik bakgrunn og kompetanse
  • er ein effektiv kommunikator
  • blir motivert av å arbeide med samfunnskritiske digitale tenester
  • evner å sjå moglegheiter og ta initiativ
  • evner å ta til seg ny kunnskap

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som medarbeidar i Statens vegvesen blir du del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du får utvikla deg, fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar.

Me tilbyr

  • god opplæring, onboardingsprogram og fadderordning
  • gode høve for fagleg påfyll
  • godt arbeidsmiljø og universelt utforma kontorbygg med gode moglegheiter for individuell tilrettelegging om du treng hjelpemiddel i arbeidskvardagen
  • ein time trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • Lønn avtaler vi i samsvar med lønnspolitikken vår

Om søknadsprosessen

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at me løyser oppgåvene våre betre. Me ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CV'ein. Viss dette gjeld deg, oppmodar me deg til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Me vil naturlegvis leggja til rette for deg om du får jobben. Me bruker avkryssinga(e) til å velja ut dei rette kandidatane, og dessutan anonymisert statistikk.

Offentleg søkjarliste

Åpenhet og gjennomsiktighet i forvaltninga er viktig. Alle som søkjar hos oss står på offentleg søkjarliste, om dei ikkje oppgir ein god grunn for unntak. Ber du om unntak, tek me kontakt med deg viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.

Kontaktperson

Fleire opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Magne Sneltvedt, tlf. 906 54 659, e-post magne.sneltvedt@vegvesen.no eller seksjonssjef Siw Karinen, tlf. 950 58 795, e-post siw.karinen@vegvesen.no. Ta kontakt for ein triveleg prat!

Stillingsinfo

Frist5. juni 2023
ArbeidsspråkNorsk

Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.