Fristen for annonsen har gått ut
Seksjonsleiar
- IT tenesteutvikling
Kontaktpersoner
Universitetet har nå ledig ein spennande stilling som seksjonsleiar for tenesteutvikling ved IT-avdelinga.
Seksjonen er ein sentral bidragsytar for IT-avdelinga sin ambisjon om å levere nyskapande og brukarvenlege tenester innafor utdanning, forsking og administrasjon. Stillinga passer for deg som ønsker nye utfordingar i skjeringspunktet mellom menneske, teknologi og prosess. Universitetssektoren står framføre store digitale endringar i årene som kommer og dette er en moglegheit å få vere med på reisa.
Du vil lede eit team av IT-utviklarar og ein prosjektleiar. Teamet jobbar «smidig» og har som har som hovudoppgåve å drive med utvikling og forvalting av tenester på verksemda sin tenesteplattform ServiceNow. Seksjonen har åtte tilsette.
Seksjonsleiar for tenesteutvikling vil jobbe mykje med innovasjon og korleis vi kan skape samanhengande og brukarorienterte tenester for studentar og tilsette. Du vil vere involvert i mange ulike initiativ og digitaliseringsidear og prosjekter bygge nettverk på tvers av avdelingar, fakultet og universitet. Du vil også ha en nøkkelrolle i porteføljerådet for digitalisering ved universitetet. Som seksjonsleiar for tenesteutvikling er du også en del av leiergruppa og porteføljestyret i avdelinga.
Hovudoppgåver
- motivere, engasjere og utfordre teamet slik at vi klarer å løyse store og små oppgåver for kundane våre
- utvikle vegkart og planar for tenesteutvikling
- jobbe metodisk med innovasjon frå idé til realisering av prosjekter
- sørge for at seksjonen til ein kvar tid tilbyr den rette miksen av tenester til Universitetet
- forvalte tenesteplattforma ServiceNow og omkringliggande system
- være ein aktiv bidragsytar som deltakar i IT-avdelingas leiargruppe
- fasilitere IT-avdelingas porteføljeråd
- delta i større digitaliseringsprosjekt og -fora på tvers av universitetssektoren
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum master-nivå eller tilsvarande. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring, fortrinnsvis:
- med leiing, ressursstyring og personalansvar; det å skape gode team
- frå innovasjon, prosjektleiing, forretningsanalyse og gjerne tenestedesign
med smidig organisering, gjerne scrum-metodikk
- med større platformteknologiar - kjennskap til IT-utvikling og gjerne rammeverk som f.eks Javascript, REST-APIer
- evne til å tenke og planlegge strategisk
- kjennskap til IT-arkitektur
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- har god teknologi- og prosessforståing
- har ønske og evne til å sette deg djupt inn i kunden sine behov og utfordringar
- liker å jobbe teambasert og har lett for å kommunisere med andre, flink til å lytte og har respekt for andre si mening
- liker å sjå nye moglegheiter og har evne til å skape engasjement og få med deg andre på reisa, i tråd med UiS sitt motto - “utfordre det velkjente og utforske det ukjente”
Vi tilbyr
- en spennande leiarstilling i IT-avdelinga
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.100, kode 1211, kr 770.000 - 870.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- heimekontorordning og fleksibilitet i arbeidstid
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi anser mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Universitetet ønsker fleire kvinner i leiarstillingar og oppfordrar derfor kvinner til å søke.
Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til IT-direktør Sjur Martin Bjerke, tlf: 51 83 35 50, e-post: sjur.bjerke@uis.no.
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Christina Storm, tlf: 51 83 17 53, e-post: christina.storm@uis.no
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Stillingsinfo
Kontaktpersoner
Stillingstyper
Industrier
UiS - vil utfordre det velkjente og utforske det ukjente
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studenter og 2.200 ansatte. Universitetet har store ambisjoner. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og være en drivkraft i kunnskapsutviklingen og endringsprosesser i samfunnet. Vår felles retning skal drives frem av omtanke for grønn og bærekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måter å forvalte naturressursene på og legge til rette for bedre byer og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområder.
I samspill og dialog med våre omgivelser regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi et åpent og innovativt klima for utdanning, forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid, nyskapning, formidling og museumsvirksomhet. Den faglige virksomheten ved universitetet er organisert i seks fakultet med 13 institutt og to nasjonale forsknings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet - European Consortium of Innovative Universities. Universitetet ligger i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggere. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarked og tilbyr en rekke spennende kultur- og fritidsaktiviteter.
Sammen med våre ansatte og studenter vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt – vi vil utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet tilbyr teknisk-naturvitenskapelige utdanninger på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.
I nært samarbeid med NORCE og industrien i regionen har fakultetet etablert samarbeid om forskning. En rekke master- og doktorgradsoppgaver blir laget i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskningssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utviklet flere fagmiljø som er internasjonalt ledende. Fakultetet har om lag 2.800 studenter og ca 500 ansatte fordelt på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressurser og Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging.
Institutt for data- og elektroteknologi utfører forskning innen datateknologi, data science, kybernetikk, signalbehandling og medisinsk teknologi. Instituttet er også vert for forskningsnettverket Stavanger AI Lab, og tilbyr bachelor- og masterutdanning innen elektroteknikk, datateknologi og data science, kybernetikk og robotteknologi og signalbehandling og medisinsk teknologi. I tillegg tilbys PhD-utdanning innen disse fagområdene. Det er for tiden 70 ansatte, inkludert stipendiater, forskere og postdoktorer, og 900 studenter ved instituttet.