Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleder Utvikling og integrasjon

Er du den me ser etter?

Statens vegvesenDrammen2. april 2024
Søk her

Kontaktperson

Ørjan Mathis Tvedt

+47 917 66 659

Statens vegvesen er i gang med ei kraftig oppskalering av utviklingsnære roller for å møte våre ambisiøse digitaliseringsplanar. Vi har tilsett mange utviklarar det siste året, og i lys av dette må vi også tilpasse antall seksjonar. Gjennom ei omorganisering har vi etablert to nye av totalt tre seksjonar for å imøtekomme ein betydeleg vekst. Vi søker difor ein seksjonssleiar som vil vere med på å sikre at vi utnyttar utviklarkapasiteten på ein mest mogleg effektiv måte.

Du vil vere ein sentral rolle for å gjere oss enda betre i stand til å levere på våre satsingsområde, som blant anna framkommelegheit, berekraft og trafikksikkerheit. Sentralt står innovasjon og digitalisering for å nå våre store ambisjonar om å vere ein innsiktsdreve verksemd for betre kundetenester. Du vil være ein viktig del av eit samarbeid mellom fleire seksjonsleiarar som har systemutvikling på dagsorden. Og vil òg ha ei sentral rolle når vi skal ut å rekruttera fleire dyktige medarbeidarar med systemutvikling som deira fagområde.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for fagområdet systemutvikling (beste praksis, trygg utvikling, onboarding osv.)
  • Sikre at utviklarar har gode verktøy og arbeidsmetodar
  • Sikre god kompetanseutvikling av utviklarar
  • Bistå organisasjonen i vidare transformasjon mot smidig utviklingsmetodikk delt inn i produktområder
  • Vidare rekruttering til våre satsingsområde; Drammen, Moss, Bergen og Trondheim
  • Personal- og budsjettansvar; Leie seksjonen i samsvar med definerte mål; Oppfølging og rapportering på seksjonens arbeid

Stillinga inngår i leiargruppa til avdelingsdirektøren for Utvikling IT, der du vil jobbe tett saman med leiar for dagens seksjonar for utvikling og leiarar av andre utviklingsrelaterte fagområde.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule, universitet eller annan relevant teknisk utdanning
  • Erfaring frå systemutvikling; enten som utviklar eller frå andre utviklingsnære roller
  • God kjennskap til tverrfunksjonelle team, smidig arbeidsmetodikk og kontinuerlege leveransar
  • Kunne delta konstruktivt og proaktivt i drøftingar om programvareutvikling og utnytting av teknologi.
  • Erfaring frå personalleie
  • Stillinga krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

For kandidater med sterk og allsidig forståelse for de aktuelle fagområdene, og gode personlige forutsetninger for stillingen, kan kravet til utdanning fravikes.

Dersom du har tatt hele eller deler av utdanningen din i utlandet, anbefaler vi en autorisert oversettelse av dine papirer og godkjenning fra HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du:

  • Tar initiativ og har gjennomføringsevne
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er lærevillig og oppteke av delingskultur

Vi ønskjer oss ein dyktig leiar som vil vera med å utforska korleis me heile tida skal forbetra oss, setja retning og ikkje minst knytte vala me tek til ønskt effekt. Som person er du engasjert og nysgjerrig og kan utfordra etablerte sanningar samtidig som du er open for perspektiva til andre. Du kan formidla problemstillingar og målbilete til ulike grupper, anten det er utviklarar eller direktørar. Viktigast av alt, du har eit hjarte for folk og speler dei rundt deg god.

Les dette før du søker!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Aktuelle kontorstader for stillinga vil vera: Drammen, Bergen eller Moss

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Kontaktperson

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med Ørjan Mathis Tvedt på telefon 917 666 59, for ein hyggjeleg samtale.

Stillingsinfo

Frist2. april 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Ørjan Mathis Tvedt


Stillingstyper

Fast ansettelse,Ledelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.