Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Seksjonsleder Utvikling og integrasjon

Vil du vera med på byggja utviklarmiljøet som skal digitalisera vegvesenet?

Statens vegvesenDrammen13. november 2023
Søk her

Kontaktperson

Linn Solbakken

Avdelingsdirektør

linn.solbakken@vegvesen.no

Er du den me ser etter?

Utvikling IT speler ei sentral rolle i å sikra at Statens vegvesen lykkast med gjennomføringa av IT-prosjekta sine og produktutviklingsløp. Avdelinga vår rår over nøkkelkompetanse innan prosjektleiing, løysingsarkitektur, testleiing, programvareutvikling og brukaroppleving. I tillegg har me dyktige medarbeidarar som speler ei avgjerande rolle i å støtta det strategiske arbeidet til etaten og operasjonalisering ved å tilby rådgiving til fagsida. Me er inne i ei spennande utvikling med etablering av smidig verksemd og produktorganisering. For å komma verksemdas digitalisringsbehov i møte, har me allereie tilsett mange utviklarar det siste året, og fleire er på veg inn. Me opprettar derfor ein ny seksjon som skal husa desse kollegaene – og dei treng ein dyktig leiar!

Me søkjer deg som vil ta ansvar for å forma eit framoverlent og sterkt fagmiljø som utviklarar ønskjer å søkja seg til og bli hos, og leia det vidare inn i framtida.

Som seksjonssjef for utvikling og integrasjon skal du bidra til at me utnyttar utviklarkapasiteten vår mest mogleg effektivt, og du vil ha ei sentral rolle i å gjera oss endå betre i stand til å levera på spennande produktområde innan fremkommeligheit, berekraft og trafikktryggleik. Sentralt står innovasjon og digitalisering, for å nå dei store ambisjonane våre om å vera ein data- og innsiktdriven verksemd for betre kundetenester.

Seksjonssjefsstillinga rapporterer til avdelingsdirektøren for Utvikling IT. Kontorstad for stillingane er i Drammen, Moss eller Bergen. Oppgi aktuell kontorstad i søknaden. Me oppmodar spesielt kvinner til å søkja leiarstillingar i Statens vegvesen.

Arbeidsoppgåver

  • Personal- og budsjettansvar - Leia seksjonen i samsvar med definerte mål - Oppfølging og rapportering på arbeidet til seksjonen.
  • Ansvarleg for fagområdet systemutvikling, inkludert best practices, sikker utvikling og onboarding.
  • Sikre at utviklarane har tilgang til dei beste verktøya og arbeidsmetodane.
  • Framme kompetanseutvikling blant utviklarane.
  • Vidareutvikla eit sterkt, engasjert fagmiljø.
  • Rekruttering av fleire flinke folk til satsingslokasjonane våre i Drammen, Moss, Bergen og Trondheim.
  • Bidra til transformasjonen til organisasjonen mot smidig utviklingsmetodikk og produktorganisering.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, minimum 3 års erfaring.
  • Erfaring med personalleiing.
  • Erfaring innan systemutvikling eller utviklingsnære roller.
  • God kjennskap til tverrfunksjonelle team, smidig arbeidsmetodikk og kontinuerlege leveransar.
  • Evne til å delta konstruktivt og proaktivt i diskusjonar om programvareutvikling og teknologibruk.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

For kandidatar med sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversitjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet)

Vi ønskjer oss ein dyktig leiar

som vil vera med å utforska korleis me heile tida skal forbetra oss, setja retning og ikkje minst knytte vala me tek til ønskt effekt. Som person er du engasjert og nysgjerrig og kan utfordra etablerte sanningar samtidig som du er open for perspektiva til andre. Du kan formidla problemstillingar og målbilete til ulike grupper, anten det er utviklarar eller direktørar. Viktigast av alt, du har eit hjarte for folk og speler dei rundt deg god.

Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Om søknadsprosessen

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at me løyser oppgåvene våre betre. Me ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CV'ein. Viss dette gjeld deg, oppmodar me deg til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Me vil naturlegvis leggja til rette for deg om du får jobben. Me bruker avkryssinga(e) til å velja ut dei rette kandidatane, og dessutan anonymisert statistikk.

Offentleg søkjarliste

Åpenhet og gjennomsiktighet i forvaltninga er viktig. Alle som søkjar hos oss står på offentleg søkjarliste, om dei ikkje oppgir ein god grunn for unntak. Ber du om unntak, tek me kontakt med deg viss me ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Kontaktperson

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Linn Solbakken på telefon 98879579 eller e-post linn.solbakken@vegvesen.no, for ein hyggjeleg samtale.

Stillingsinfo

Frist13. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Linn Solbakken

Avdelingsdirektør


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.