Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Radio /telematikkingeniør

Er du ein erfaren elektroingeniør?

Statens vegvesenBergen22. mars 2024
Søk her

Kontaktperson

Fredrik Askjer

Leiar

+47 908 69 140

Ved fagressurs elektro, i divisjon Drift og vedlikehald, er det ledig stilling som radio/telematikkingeniør til prosjektering og drift/vedlikehald av radio, DAB og Nødnett med tilhøyrande infrastruktur.kasjonar

Kontorstad vil fortrinnsvis vere i Bergen, men andre kan og blir vurdert.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga omfattar prosjektering og rådgiving og dessutan opplæring i bruk av radio, DAB, nødnett og fiberkablar. Det er også aktuelt å hjelpe til i prosessskildringar og utvikling av kvalitetssystemet innan radiofaget. Arbeidsoppgåver er også kontrollmåling av radio signalkvalitet og overføringskablar, og dessutan rådgiving av byggherre og entreprenørar i relasjon til funn.

I denne stillinga kan og rutinemessig oppdatering fiberkabel database og tilhøyrande kartsystem for sentrale delar av Vestlandet inngå.

Statens vegvesen skal vere innovativ og ta i bruk ny teknologi. Det blir satsa mykje på digitalisering og modellbasert planlegging. Det kan og vere aktuelt å delta i pilotprosjekt for å ta i bruk ny teknologi. Du får gode moglegheiter for å delta i påverknaden i val av løysingar i samarbeid med dyktige kollegaer og prosjektleiarar.

Oppgåvene kan og omfatte oppfølging/opplæring av eksterne rådgivarar og dessutan oppfølging av prosjekt i byggjefase.

Om oss

Statens vegvesen er byggherre og vegeigar av riksvegar og har mange utfordrande oppgåver innanfor elektrofaget. Med eit tungt belasta hovudvegnett og eit stadig aukande tal tunnelar, er fokuset retta mot ei sikker avvikling av trafikken. Viktige delar av dette er Ekom, DAB og Nødnett som er tryggingsutrusting i lengre tunnelar. Statens vegvesen har ansvaret for å planleggje, prosjektere, implementere og drifte både desse systema og tilhøyrande infrastruktur.

Stillinga er innanfor radiofaget og prosjektering og bygging av nye vegstrekningar og dessutan rehabiliteringar på eksisterande vegnett. Stillinga ligg til Radiogruppen, fagressurs elektro. Radiogruppa består pr i dag av 3 personar, fordelt på Bodø, Drammen og Bergen og dekkjer heile landet.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor fagområda radio/telematikk/ekom kan kompensere for manglande formell utdanning.

Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Solid digital kompetanse og interesse for ny teknologi blir lagt vekt på.

I tillegg vil vi leggje vekt på:

  • kunnskap/erfaring frå Ekom, DAB og Nødnett i tunnelar
  • at du tek initiativ, jobbar sjølvstendig og liker å løyse utfordrande oppgåver
  • har gode samarbeidsevner og jobbar godt i team

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Fredrik Askjer, tlf. 90869140.

Stillingsinfo

Frist22. mars 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Fredrik Askjer

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.