Fristen for annonsen har gått ut
Rådgiver Lokal IT
Er du ein erfaren og serviceinnstilt IT-medarbeidar som ønskjer ein spennande og variert arbeidsdag?
Kontaktperson
Vi søkjer deg som er motivert for å jobba med IT og menneske, og som held deg oppdatert på teknologi utviklinga. Lokal IT har ansvar for 2.linje teknisk brukarstøtte, IT-utstyr på kontorplassen til brukarane og IT-infrastruktur i lokala våre. Me er opptekne av å levera høg kvalitet, god service og brukarvennlege løysingar. Du vil ha ansvar for å yta god brukarstøtte til kundane våre, og dessutan forvalta og drifta IT-utstyret og infrastrukturen i lokala våre. Du vil også vera ein viktig rådgivar på IT-tekniske spørsmål i samband med team og prosjektarbeid.
Seksjonen Lokal IT nordvest er ein del av avdeling Brukernær IT består av fire seksjonar som sørgjer for ein mest mogleg optimal IT-kvardag for sluttbrukarane til etaten. Lokal IT nordvest er ei brukarstøtteeining på 15 kunnskapsrike medarbeidarar fordelt på ni kontorstader.
Stillinga har kontorstad Bergen, men reiseverksemd på kontorstader/prosjektkontor i Vestland fylke i samband med arbeidsoppgåvene må påreknast
Arbeidsoppgåver:
- 2. linje brukarstøtte og service
- Forvaltning av IT-utstyr til tilsette og lokal drift av infrastruktur; skrivarar, nettverk og serverar
- Rådgivar på IT-tekniske spørsmål, til dømes ved etablering og ombygging av kontorlokale
- Deltaking og rådgiving i team og prosjektarbeid
Kompetansekrav
Som medarbeidar på Lokal IT leverer du tenester til kontorstadene våre i Vestland fylke.
Kvalifikasjonar:
- IT-utdanning frå universitet eller høgskule (min. 3 år), eller anna relevant utdanning som er nødvendig for å dekkja stillinga
- Minimum eit års arbeidserfaring med 2.linje brukarstøtte og service
- Førarkort klasse B
- Erfaring med Point of Business vil vera ein fordel
- Kjennskap til Service Now vil vera ein fordel
- Kjennskap til og erfaring fra systemer som benyttes i Statens vegvesen vil være en fordel
Arbeidsoppgåvene krev at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
For kandidatar med sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi legg vekt på at du:
- er god på kundeservice og kommunikasjon med menneske med ulik kompetanse og fagbakgrunn
- har god IT-teknisk forståing, er opptekne av ny teknologi, læring og kontinuerleg forbetring
- evner å jobba sjølvstendig, strukturert og effektivt
- tek initiativ og ser etter stadig forbetring og utvikling innan arbeidsfeltet
- har godt humør, og er opptekne av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Industrier
Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.