Fristen for annonsen har gått ut
Rådgivar personvern
Er du ein erfaren rådgjevar med god forståing for kommunal sektor?
Kontaktpersoner
Selskapet er i vekst og vi får fleire kommunar med i personvernordninga og ønsker å utvide kompetansen vår innan personvern, IKT-sikkerheit og risikovurdering. Vi søker etter ein rådgivar innan personvern som også har kompetanse innan IKT-sikkerheit og risikovurdering.
Personvernrådgivar skal ha ei heilskapleg og einskapleg tilnærming til arbeidet, og skal bidra til å tydeleggjere krav og forventningar som personvernlovverket stiller til kommunen.
Selskapet har i dag kontor i Ålesund.
Arbeidsoppgåvene
- Informere og gi råd i spørsmål om behandling av personopplysningar og personvernspørsmål i einskilde saker og prosessar.
- Kontrollere kommunane si etterleving av personvernlova og EU si personvernforordning.
- Rapportere til kommunane og andre ved behov.
- Vere kontaktpunkt for kommunane og fylkeskommunen overfor
- Datatilsynet, samt vere kontaktpunkt for dei registrerte i spørsmål som vedkjem behandlingar av deira sine personopplysningar og deira personvernrettar etter personvernforordninga.
- Det må påreknast noe reiseverksemd i forbindelse med stillinga.
Kvalifikasjonar
- Djup kunnskap om personvernlovgivinga og praktisk erfaring på feltet.
- God kunnskap om kommunal sektor og kommunal saksbehandling.
- Personvern er det sentrale, men stillinga krev god forståing av informasjonssikkerheit og IT-system.
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeids-, kommunikasjons-, og formidlingsevner.
- Har høg integritet og god rolleforståing.
- Har gode samarbeids-, kommunikasjons-, og formidlingsevner.
- Kan utføre oppgåvene dine på ein uavhengig måte.
- Har evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og strukturert.
- Har høg arbeidskapasitet.
Krav til kompetanse
Vi ønsker søkarar med høgare utdanning innanfor relevante fag, især, IKT og risikovurdering eller juridiske fag.
- Høgare utdanning innan juridiske fag, informasjonstryggleik og IKT-fag.
- Det blir stilt krav til gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
- Fast stilling: Rådgivar
- Arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg godt arbeidsmiljø
- Pensjonsordning i KLP
- Lønn etter avtale
Spørsmål til stillinga
Kontakt
- dagleg leiar, Jesper Sode Hansen, Tlf: 920 28 104
- faglig ansvarlig, Karen Vanessa Sundgot Gurskevik, Tlf: 920 76 580
Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal
Stillingsinfo
Kontaktpersoner
Stillingstyper
Industrier
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 27 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv, digitisering og dokumenthandtering.
Dei fylkeskommunale institusjonane Privatarkiv, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitisering av kulturarven er lagde til IKA Møre og Romsdal. Personvernombodstenesta gir kommunane tilgong til personvernrådgivarar som skal stette kommunane med å ta i vare personvernet til sine registrerte og implementere personvern på internkontrollområdet til eigarane. Vi har i dag 28 tilsette, av dei 26 fast. Selskapet har i dag kontor i sentrum av Ålesund.