Doktorgradskandidat - framtidas forvaltning av sjøareala
Vil du bidra til framtidas forvaltning av sjøareala våre? Bli doktorgradskandidat hos oss i Møre og Romsdal fylkeskommune!
Kontaktpersoner
Nøkkelord
Er du nysgjerrig på fjordane og kystlinja vår, og har du lyst til å utvikle framtidas forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal? Vi har ei unik og spennande moglegheit for deg!
Vi søker 1 eller 2 doktorgradskandidatar som vil bli med oss å bygge ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av sjøareala våre. I denne treårige prosjektstillinga får du sjansen til å spele ei nøkkelrolle i utviklinga av vårt marine kunnskapsprogram - eit tiårig program med mål om kunnskapsbasert planlegging og forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal var pilotområde i den nasjonale satsinga "Marine grunnkart i kystsonen". Marine grunnkart opnar heilt nye moglegheiter for planlegging og forvaltning av sjøområda – det er som å «slå på lyset under vatn».
Gjennom ditt arbeid vil du utvikle nye metodar for å kople ny kunnskap og digitale verktøy for å skape framtidas forvaltning.
Kva kan du forvente av oss?
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver: Du vil bli ein sentral del av vårt marine kunnskapsprogram og ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø, offentlege aktørar og prosjektleiar for det marine programmet i fylkeskommunen.
- Utvikling av eige forskingsprosjekt: Som doktorgradskandidat får du mellom anna moglegheit til å utarbeide innhaldet i prosjektet, og ansvar for å etablere samarbeid med ein gradgivande institusjon.
- Kompetansebygging og nettverksbygging: Du blir del av eit nettverk av stipendiatar og sentrale aktørar innan forsking, næringsliv og offentleg sektor i Møre og Romsdal, noko som gir svært gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har
- mastergrad innan relevante fagområde (planfag, geologi, biologi, IT eller liknande), men vi er opne for ulike bakgrunnar og motiverte kandidatar. Nyutdanna oppmodast om å søke.
- gjerne erfaring frå prosess- eller prosjektarbeid
- gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som
- er engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle nye metodar og verktøy innan forvaltning og arealplanlegging i sjø i samarbeid med andre
- har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med eit auge for innovative løysingar som kan endre måten vi forvaltar kystområda på
Vi tilbyr
- ei utfordrande og givande stilling i eit engasjert og sterkt fagmiljø, der kreativitet og initiativ blir verdsett
- moglegheita til å arbeide med banebrytande prosjekt der ditt arbeid vil bidra til ei langsiktig, kunnskapsbasert forvaltning av sjøområda.
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
- ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen med kontorstad i Molde eller Ålesund.
Stillingsinfo
Kontaktpersoner
Stillingstyper
Industrier
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.