Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Plan- og prosessleiar i Nasjonale turistvegar

Statens vegvesenFlere steder10. april 2023
Søk her

Om stillinga

Nasjonale turistvegar har behov for plan- og prosessleiarar som skal ha ansvaret for 3 til 5 av dei 18 Nasjonale turistvegane. Ein viktig del av jobben er å leia og delta aktivt i allsidige samarbeids- og planprosessar frå idefase til bygging og vidare oppfølging. Du skal og ta vare på og utvikla strekningane sine unike kvalitetar og verdi som attraktive besøksmål for norsk reiseliv. Dette føreset god kontakt med fagmiljø, kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar.

Dei fleste strekningane er lokalisert på Vestlandet og i Nord-Norge. Du vil derfor måtte rekna med ein del reising i jobben.

Som plan- og prosessleiar på seksjonen for Nasjonale turistvegar vil du bli ein del av ein kreativ kultur med dyktige og kompetente kollegaer.

Kontorstad for stillingane er på Lillehammer som er seksjonens hovudkontor. Stillingane er faste.

Kva legg vi vekt på?

Du må ha utdanning frå universitet eller høgskole på masternivå, fortrinnsvis som ingeniør/landskapsarkitekt eller tilsvarande planfagleg kompetanse. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.

  • Planfagleg kompetanse og sansen for visuelle kvalitetar og verdiar
  • Evne til effektiv kommunikasjon og konstruktivt samarbeid
  • Samfunnsforståing og nettverksbygging
  • Sjølvstende og gjennomføringsevne
  • God formidlingsevne både skriftleg og munnleg på norsk
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Erfaring med relevant dataverktøy

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkarlista er offentlig

Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med Silje Myhre Amundsen på tlf. 97522979.

Vi tilbyr

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.

Vi tilbyr deg også desse godene:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stillingsinfo

Frist10. april 2023
ArbeidsspråkNorsk

Industrier

Arealplanlegging og arkitektur

Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.