Fristen for annonsen har gått ut
Personvernrådgivar
Personvernrådgiver
Vi søkjer personvernrådgivar #GDPR #personvernloven
Har du tenkt over at Statens vegvesen har tilgang på svært mange personopplysningar? Som personvernrådgivar bidreg du til å sikra viktige personopplysningar for deg sjølv og naboen din. IT-divisjonen har nå ei ledig fast stilling, med kontorstad i våre nye lokale i Drammen Stasjon Business Center (DBC), eit nytt og stileg kontorbygg rett ved Drammen stasjon/Strømsø Torg, eller i Skien, der faggruppa Digital sikkerhet òg er representert.
Du vil jobbe tett saman med noverande personvernansvarleg. Her får du ei stilling som utvilsamt oppfyller kriteria meiningsfylt og samfunnsnyttig. I denne stillinga kan du rett og slett vera med på å gjera ein forskjell!
Hovudoppgåver
- Leggje til rette for etterleving av EU sin personvernforordning og norsk personvernlovgiving
- Gje råd og rettleiing til verksemda knytt til etterleving av personvernlovgiving
- Delta i og/eller lede personvernforum på tvers av divisjonar
- Lære opp tilsette innan personvern
- Arbeid med styrande dokument og prosessar innan personvern
- Protokollføra behandlingar og gjennomføra DPIA for dei behandlingane som krev det
- Utarbeida og kvalitetssikra databehandlaravtaler og andre avtalar innan personvern
Andre oppgåver
- Hjelp med vurderingar knytt til overføring av personopplysningar til tredjeland (transfer impact assessment), sikre overføringsgrunnlag og følgja opp tiltak
- Følgja opp leverandørar og hjelpa systemeigarane som treng det
- Avvikssaker
- Utvikla og vedlikehalde GDPR-krav i samband med innkjøp
- Verdivurderingar
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning (fortrinnsvis juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap eller forvaltningsinformatikk). For kandidatar med sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege forutsetningar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Om du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Minimum tre års arbeidserfaring innan personvernområdet er ein fordel
For denne stillinga er det eit krav at du må kunne bli tryggleiksklarert til nivå hemmeleg.
Er du den vi ser etter?
For å lykkast som personvernrådgivar er det viktig at du evner å arbeide strukturert og sjølvstendig. Du må ha gode relasjonelle kommunikasjons- og samarbeidsevner, vera løysingsorientert og god på å følgje prinsipp og verdiar.
Stort engasjement og fagleg utvikling
Som medarbeidar i Statens vegvesen blir du del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du får utvikle deg, fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar.
Vi tilbyr
- god opplæring, onboardingsprogram og fadderordning
- gode høve for fagleg påfyll
- godt arbeidsmiljø og universelt utforma kontorbygg med gode moglegheiter for individuell tilrettelegging om du treng hjelpemiddel i arbeidskvardagen
- fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
- god pensjonsordning og høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
Lønn avtaler vi i samsvar med lønnspolitikken vår.
Om søknadsprosessen
Positiv særbehandling
Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi løyser oppgåvene våre betre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CV'en. Om dette gjeld deg, oppmodar vi deg til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Vi vil naturlegvis leggja til rette for deg om du får jobben. Vi bruker avkryssinga til å velja ut dei rette kandidatane, og dessutan anonymisert statistikk.
Offentleg søkjarliste
Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig. Alle som søkjar hos oss står på offentleg søkjarliste, om du ikkje oppgir ein god grunn for unntak. Ber du om unntak, tek vi kontakt med deg om vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje.
Kontaktperson
Fleire opplysningar om stillinga får du ved å kontakte fagdirektør og CISO for Digital sikkerhet, Ole M. Grundetjern, tlf. 996 40 731, for en hyggjeleg prat!
Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.