Fristen for annonsen har gått ut

Over- /senioringeniør

Framtidas sikringstiltak – førebygging mot flaum og skred!

NVEOslo28. januar 2024
Søk her

Kontaktpersoner

Siss-May Edvardsen

Seksjonssjef

+47 952 90 114

Camilla Asperheim Nestegard

Seniorrådgiver

Vi søkjer deg som vil ta med deg di erfaring inn i eit spennande, tverrfagleg miljø med målsetting om å auke tryggleiken for folk som bur flaum- og skredutsatt til. Vi treng deg som kan ta ansvar for utvikling av vår satsing på området, og bidra med kompetanse inn i våre styringsdokument og prosessverktøy. Du vil delta i planlegging og prosjektering av sikringstiltak over heile landet. Du har evne til å arbeide tverrfagleg og overordna, men samstundes ha auge for viktige detaljar for gode løysingar.

NVE forvaltar dei statlege midlane til sikringstiltak mot flaum, erosjon og skred, og til miljøtiltak i vassdrag. Seksjon for sikring har eit overordna ansvar for å samordne NVE sin innsats i det forebyggande arbeidet, og vi har difor eit vidt spenn av kompetanseområde. I seksjonen får du kollegaer med både teknisk, økonomisk og naturforvaltarbakgrunn!

Sikringstiltak utgjer ein stor og viktig del av det forebyggande arbeidet mot flaum- og skredhendingar. Vi lever i eit klima i endring og vi må førebu oss på auka innsats framover. Vi treng difor å styrke oss i arbeidet med sikringstiltak, særleg i retning mot naturbaserte løysingar og miljøtilpassa sikringstiltak i eit klima i endring.

Avhengig av din kompetanse vil andre oppgåver kome til.

Dette er ei nyoppretta stilling. Hjå oss vil du få høve til å påverke, du vil få eit godt nettverk, og du vil få erfaring med mange interessante og spennande oppgåve i heile Noreg. NVE sitt arbeid med sikringstiltak mot flaum- og skredhendingar er organisert i seks einingar; fem regionale einingar og seksjon for sikring. Vi lovar deg ein arbeidsplass der du vil oppleve samhald og trivsel, og der du får ein arbeidsdag med arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling, og som er viktige for samfunnet. Kontorstad vil vere i Oslo eller ved eit av NVE sine regionkontor. NVE har fem regionkontor som er plassert i Tønsberg, Førde, Trondheim, Narvik og på Hamar.

Arbeidsoppgaver

  • bidra til faglig utvikling i vårt kompetansemiljø innan sikrings-, vassdrags- og geoteknikk
  • vere ein fagressurs inn i vår samordna innsats på området, t.d. i prinsippdiskusjonar kring dimensjoneringsnivå, strategi med omsyn til kompetansebehov, evaluering av sikringstiltak, prioritering av sikringssøknadar på tvers av regionar, osb.
  • vere ein bidragsytar inn i prosjektering av sikringstiltak mot flaum og skred, utføre mellom anna hydraulisk modellering, lekkasjeutrekningar, stabilitetsutrekningar eller liknande avhengig av kompetanse, og ha auge for grøn ingeniørkunst
  • delta i arbeidet med NVE sin langsiktige sikringsportefølje, vurdering og prioriteringar
  • kan vere aktuelt med utadretta verksemd mot utdanningsinstitusjonar for å fremme forvaltninga og bransjen sitt behov for kompetanse og rekruttering på fagfeltet
  • samarbeid og støtte til planleggarar ved NVE sine regionkontor, men også mot andre seksjonar/einingar i NVE
  • støtte til regionkontora under og etter beredskapshendingar, både frå sentralt hald og ved oppmøte lokalt
  • dette er ei ny stilling som må finne sin form i takt med utfordringar vi står ovanfor, og andre arbeidsoppgåver kan difor kome til
  • det må påreknast noko reiseaktivitet (inntil 40 reisedøgn i året)

Ønskede kvalifikasjoner

Krav:

  • sivilingeniør vassdragshydraulikk/-teknikk eller geoteknikk, ev. tilsvarande utdanning med relevante fagkombinasjonar og erfaring
  • relevant arbeidserfaring med sikringstiltak mot flaum og skred eller tilgrensande fag
  • kjennskap til entreprenør- og konsulentbransjen, gjeldaende regelverk og kontraktsstandarder
  • du må kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk
  • fysikk til å kunne ferdast i ulendt terreng og delta på synfaringar
  • førarkort klasse B

Ynskjeleg/gagneleg:

  • erfaring med planlegging og prosjektering av sikringstiltak mot flaum og skred
  • erfaring med naturbaserte løysingar og/eller miljøtilpassing av sikringstiltak (grøn ingeniørkunst)
  • brei bakgrunn innan relevante ingeniørfag
  • kjennskap til kvalitetsarbeid
  • kontakt med utdanningsmiljø for aktuelle fagområde
  • erfaring som prosjektleiar/prosjektmedarbeidar

Personlige egenskaper

  • du kan samarbeide godt med andre
  • du er føretaksom, tek initiativ og arbeider effektivt og systematisk
  • du utnyttar eigen kunnskap til å medverke til utvikling av rutinar og system i NVE
  • du er omgjengeleg og god på kommunikasjon
  • du likar teoretisk og strategisk arbeid - både sjølvstendig og i team
  • du kan takle press og er operativ ved handtering av krisehendingar
  • du liker å setja deg mål og jobbar målretta for å oppnå gode resultat

Det vert lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna

Vi tilbyr

  • stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse
  • du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
  • seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
  • du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • livsfaseorientert personalpolitikk
  • gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
  • mulegheit for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår

Stillinga vert lønna innan spennet kr 550 000 - kr 800 000 som avdelings-/over-/senioringeniør (1085/1087/1181). For særs godt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi ber om at vinemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.

Ved behov kan det verte gjennomført ein referansesjekk av kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll får å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.

Stillingsinfo

Frist28. januar 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktpersoner

Siss-May Edvardsen

Seksjonssjef

Camilla Asperheim Nestegard

Seniorrådgiver


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra NVE

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i Norges vassdrags- og energidirektorat kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.

NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strøm­forsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.