Fristen for annonsen har gått ut

Åpen søknad
Norconsult i Årdal treng fleire engasjerte og dyktige medarbeidarar!
Dette er stillingsutlysinga for deg med erfaring frå rådgjevarbransjen, eller tilsvarande kompetanse, men nyutdanna er også velkomne til å søke. Vi er på leit etter deg som ønskjer å vere med å byggje opp eit tverrfagleg og framtidsretta rådgjevarmiljø i Årdal og medverke til eit sterkt kompetansemiljø i Sogn og Fjordane.
Vi er aller mest ute etter deg som ønskjer å bu og satse på livet i Årdal, både når det gjeld jobb og fritid. Årdal er ei svært spennande industribygd, med mange moglegheiter:
Kvifor Årdal - Ditt Årdal (dittardal.no)
Rådgjevar miljøet vårt i Årdal tel i dag 3 erfarne medarbeidarar innanfor industri/prosess, maskin og prosjektleiing. Vi har eit sterkt ønskje om å vidareutvikle avdelinga i Årdal med fleire industrirådgjevarar/maskiningeniørar, men også til å omfatte andre relevante fagområde for vår bransje.
Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.
I Norconsult får du hyggelege og dyktige kollegar, og du blir en del av eit tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande oppgåver.
Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Det er viktig at du grunngjev kvifor vi skal satse på akkurat deg! Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du kunne jobbe på store tverrfaglege prosjekt, men også i mindre, lokale oppdrag.
I Sogn og Fjordane har Norconsult ei sterk, tverrfagleg rådgjevargruppe med over 90 medarbeidarar. Vi har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Vi utfører oppdrag for kommunar, statlege myndigheiter, private entreprenørar, grunneigarar og utbyggjarar. Det at vi er tilstades lokalt, gjer at vi forstår dei lokale behova og vi tek fatt på oppgåvene med ei tverrfagleg og heilskapeleg tilnærming samstundes som vi har Norconsult si breie erfaring og tyngde i ryggen. Dette sikrar både kvalitet, innovasjon og framtidsretta val. Oppdraga vert gjennomførte på kryss og tvers internt i Sogn og Fjordane, men også i andre deler av landet og i tett samarbeid med andre fagområde, kontor og avdelingar i heile Norconsult.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal
Arbeidsoppgåver vil kunne tilpassast dine faglege og personlege kvalifikasjonar.
For oss er det viktig at du:
- Har kjennskap til marknaden i Årdal/Sogn og Fjordane og kan bistå med marknads- og tilbodsarbeid lokalt og elles i Sogn og Fjordane
- Er god på kundekontakt og kundeoppfølging
- Kan vere oppdragsleiar/prosjektleiar i både einfaglege og tverrfaglege oppdrag
- Prosjekterer innan ditt fagområde
- Har eit stort fagleg engasjement
- Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
- Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
- Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø i Årdal
- Har god erfaring med digitale verktøy
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan eit teknisk fagområde. Ønskjeleg med minst 5 års erfaring
- Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
- Førarkort kl. B.
Hjå oss får du:
- Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
- Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
- Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
- Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
- Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
- Fleksibel arbeidstid
- Fri heile jule- og påskeveka
- Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Robert Sandvik for ein uformell prat! Mob.: +47 917 16 211 82, epost: robert.sandvik@norconsult.com
Søknad med CV, vitnemål og attestar kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama.

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.
For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.