Økonomirådgivar
Som økonomirådgivar skal du sikre kvalitet i den økonomiske styringa i avdelinga
Kontaktperson
I Divisjon Drift og vedlikehald i Statens vegvesen søkjer vi etter ein ny økonomirådgivar i Leikanger. Du vil arbeide i avdeling Vest, og vil sitje i avdelingsdirektørens stab. Som økonomirådgivar skal du sikre kvalitet i den økonomiske styringa i avdelinga, og bidra til at interne og eksterne får nødvendig oppfølging.
Arbeidsoppgåver
Du vil arbeide med styringsstøtte i avdeling og mot divisjon. Det er eit utprega teamarbeid i lag med mange dyktige kollega.
Videre vil dine arbeidsoppgåver være:
- utarbeiding av økonomirapportar til leiinga
- rekvirering/oppfølging av eksterne finansieringsmidlar
- budsjett
- økonomisk rådgjeving til leiarar og einingar
- økonomiske analysar
- internkontroll
- deltaking i effektivitets- og utviklingsarbeid innan økonomifeltet
- utvikling av strategiar, planlegging og oppfølging av dette saman med leiinga
Arbeidsstad er Leikanger.
Kompetansekrav
- Du har minimum bachelor frå høgskule eller universitet med relevante økonomifag. Om du har omfattande og relevant erfaring, kan det kompensere for manglande formell utdanning
- Du har relevant erfaring
- Du er dyktig i Microsoft Excel
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og kan bruke begge målføre
Om du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, vil vi anbefale ein autorisert oversetting av papira dine og godkjenning fra NOKUT (www.nokut.no).
Vi legg vekt på at du:
- Er analytisk, jobbar systematisk og tenker strategisk
- Innehar gode samarbeidsevner og kunne rettleie andre då det er mykje teamarbeid
- Er flink til å forberede og framstille saker
- Evner å jobbe sjølvstendig og ta eigne initiativ
- Er flink til å dele kunnskap og hjelpe andre
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hjå avdelingsdirektør Svenn Finden, tlf. +47 951 48 614, eller e-post: svenn.finden@vegvesen.no.
Stillingsinfo
Kontaktperson
Stillingstyper
Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.
Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.
Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.