Tekjobb

Miljørådgjevar

Norconsult Sogn og Fjordane søkjer miljørådgjevar

Norconsult ASFørde29. mai 2025
Søk her

Kontaktperson

Silja Oda Solheimslid

Gruppeleder Miljø

Silja.Oda.Solheimslid@norconsult.com

Vil du bli med i eit av dei største miljøfaglege rådgjevarnettverka i landet?

Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekker alle fagområda som er naudsynte for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette anlegg, frå idé til realisering.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Norconsult er leiande på miljøkompetanse i Norge og har over 100 personar som arbeider fast med ulike miljørelaterte problemstillingar innan fagområde som forureina grunn, miljøovervaking, marint miljø, hydrogeologi, miljøgeologi, miljøkjemi, miljø i bygg, miljøoppfølging og miljøstyring. I tillegg forbetrar vi dagleg vår eigen kompetanse innan berekraft i prosjekt gjennom våre interne grøne rettleiarar og berekraftskoordinatorar. Vi har fagkompetanse på fleire kontor i Norge og utlandet, og samarbeider tett i fagnettverk beståande av høgt kvalifiserte miljøfaglege rådgivarar.

Vi ønskjer å styrke oss med ein miljørådgjevar ved kontoret i Førde.

Tilsettingar ved andre kontor i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelt, avhengig av kompetanse og erfaring. Spesielt ser vi etter kandidatar som har utdanning innan miljø- og ressursfag, miljøforvaltning, hydrogeologi, toksikologi, marinbiologi, eller liknande miljøretta fag, samt erfaring innan fagområda forureina grunn, vassmiljø (økologisk og kjemisk tilstand), marint naturmangfald, miljøoppfølging i bygge- og anleggsprosjekt. I tillegg er vi også interessert i kandidatar med kunnskap innan modelleringsverktøy, BREEAM, klimagassutrekningar, LCA og berekraft (f.eks. berekraftig massehandtering eller EUs taksonomi).

Vi ser etter deg som har interesse i å bidra til at Norconsult ivaretek miljøet på ein god måte i oppdraga våre. Du vil jobbe i tett samarbeid med vårt faglege landsdekkande fagnettverk, der vi utvekslar fagleg kunnskap, arbeidsmetodar og verktøy på tvers av kontor i organisasjonen. Som kompetansedelingstiltak vert det mellom anna arrangert fagseminar og Teams-konferansar om utvalde tema. Vi har varierte oppgåver, og gode karrieremoglegheiter innan faget.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei erfaring.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal

Dine kvalifikasjonar:

  • Mastergrad eller sivilingeniør med spesialisering i miljørelevante fag, hydrogeologi, marinbiologi eller liknande. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningsnivå.
  • Meir enn 5 års relevant arbeidserfaring. Nyutdanna med relevant utdanning kan også søke.
  • Erfaring med feltarbeid innan fagområda forureina grunn, vassovervaking, naturmangfald, miljøkartlegging i bygg, miljøoppfølging i anleggsprosjekt
  • Erfaring og interesse for ulike verktøy innan GIS/AutoCAD/modellering/BREEAM
  • Kunnskap om miljøforvaltninga
  • God formuleringsevne både munnleg og skriftleg på norsk
  • Er kreativ og løysingsorientert
  • Interesse for anlegg- og byggeprosjekt
  • Godt humør, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Førarkort for bil
  • Har praktisk sans
  • Er fagleg ambisiøs med analytiske evner

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Inngå som ansvarleg rådgivande ingeniør miljø (RIM) i små og store oppdrag
  • Miljøtekniske grunnundersøkingar, miljørisikovurderingar, tiltaksplanar for forureina grunn
  • Risikovurderingar, miljøoppfølgingsplanar (MOP/YM-planar) for bygge- og anleggsprosjekt
  • Søknadsarbeid og overvakingsplanar i høve tiltak i forureina grunn, sjø og vassdrag
  • Kartlegging av naturmangfald, spesielt marinbiologi
  • Miljøoppfølging på anleggsplass i utbyggingsprosjekt
  • Feltarbeid med prøvetaking av jord/sediment/vatn/byggemateriale
  • Bruk av feltutstyr som turbiditetsmålarar, ROV, Van Veen grabb, kjerneprøvetakar, CTD, XRF/miljøpistol etc.

For oss er det viktig at du:

  • Trivst med varierte arbeidsoppgåver
  • Er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Tek initiativ og likar nye utfordringar
  • Trivst med feltarbeid
  • Er både sjølvstendig og likar å jobbe i tverrfaglege team
  • Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø

Hjå oss får du:

  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
  • Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fri heile jule- og påskeveka
  • Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august

Innsending av søknad: 

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du ønskjer. Ta gjerne ein uforpliktande prat med Silja Oda Solheimslid, gruppeleiar for miljø og geofag i Førde: 68 53 46 / Silja.Oda.Solheimslid@norconsult.com

Norconsult

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

Stillingsinfo

Frist29. mai 2025

Kontaktperson

Silja Oda Solheimslid

Gruppeleder Miljø


Stillingstyper

Privat,Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidere fordelt på over 140 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.