Fristen for annonsen har gått ut

Medarbeidar
- Driftsteamet i Sogndal

Kontaktpersoner
Statsbygg har ei ledig stilling som driftsingeniør/driftsleiar i Sogn. Drift er organisert i team, og arbeidsstad kan endrast. For tida søker me etter ei stilling til drift av Statsbygg sine eigedomar i Sogndal kommune. Stillinga er for tiden lokalisert på Høgskulen på Vestlandet Sogndal. Det kan i tillegg vere aktuelt at stillinga er back-up i Vik Fengsel i korte periodar.Stillinga inngår i eit team med ca. femten driftsmedarbeidarar, og rapporter til underdirektør Drift og vedlikehold. Driftsteamet består av medarbeidarar med kompetanse innanfor ulike fagområde, og består av medarbeidarar i Bergen, Sogn og Sunnfjord. I Sogn er det 4 driftsmedarbeidarar som driftar Statsbygg sine eigedomar i Sogndal og Vik kommune. Den som blir tilsett skal primært jobbe med driftstekniske oppgåver. Statsbygg har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling. Som eigar og utleigar har Statsbygg fokus på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med brukarane våre. Difor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.
Statsbygg ynskjer å auke andelen kvinner innanfor drift og vedlikehald. Me oppmodar difor kvinner til å søkja stillinga.
Arbeidsoppgaver
- Verdibevarande vedlikehald og drift av bygningsmassen
- Bidra til effektiv planlegging av drift og vedlikehald
- FDV-dokumentasjon og rutinar i samsvar med vårt internkontrollsystem
- Bidra til god kundebehandling mellom leigetakar og Statsbygg
- Drift av tekniske anlegg ved hjelp av SD-anlegg
- Oppfølging av mindre byggeprosjekt/prosjektleiing
- Bestille og følgje opp eksterne leveransar etter forskrift om offentlege innkjøp, administrasjon og fakturabehandling
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Ønskede kvalifikasjoner
- For stilling som driftsingeniør krevjast ingeniørutdanning på bachelornivå eller teknisk fagskule (fagskuleingeniør) innanfor eit av fagområda byggteknikk eller automasjon. For stilling som driftsleiar er utdanningskravet fagbrev innanfor eit av byggfaga, eller relevant teknisk fag
- Gode ferdigheiter og erfaring med bruk av IKT-baserte system og utstyr
- Relevant praksis innan drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg
- Erfaring fra kunderetta verksemd og innkjøp er ynskjeleg
- God framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- For tilsetjing i stillinga vert det krevd uttømmande politiattest som kan godkjennast av Kriminalomsorgen, jfr. straffegjennomføringsloven § 8,1
Personlige egenskaper
- Evne til å ta initiativ og kunne jobbe sjølvstendig
- Evne til å skape gode resultater gjennom samarbeid med andre
- Evne til å være fleksibel, løysningsorientert, og å kunne tilpasse seg endringar
- Kunde- og serviceorientert
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver i eit godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
- Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og bustadlån gjennom Statens Pensjonskasse
- Fleksitid, overtidsbetaling og gode velferdsordningar, som til dømes støtteordning for trening
- Tiltreding etter avtale
- Stillinga som driftsleiar blir løna frå kr 500 000,- til kr 620 000,- pr år, avhengig av kvalifikasjonar. Stillinga som driftsingeniør vert løna frå kr 540 000 - til kr 650 000,- pr år avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn. Frå bruttoløna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Stillingsinfo
Kontaktpersoner
Stillingstyper
Industrier

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.