Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Maskiningeniør

Norconsult ASNorheimsund7. juni 2023
Søk her

Kontaktperson

Frode Atterås

Avdelingsleder Kontor

Frode.Atteras@norconsult.com

Norconsult Hardanger og Voss har kontor i Norheimsund, Odda, Eidfjord, Rosendal og på Voss med ca. 50 medarbeidarar totalt. Me har tverrfaglege kontor innan prosjektering, samfunnsplanlegging og arkitektur. Bygg- og industrigruppa vår utgjer det største fagmiljøet med i alt 10 medarbeidarar. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei og tverrfagleg kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Industri er eit av satsingsområda til Norconsult. Me har for tida stor oppdragsmengd og søkjer etter maskiningeniørar.

Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetansemiljø. Oppdraga spenner frå konseptutvikling, via skisse- og forprosjekt til detaljprosjektering og FDV-dokumentasjon.

Me søkjer primært etter maskiningeniør i Norheimsund, men alle kontorstader i Hardanger og Voss kan vera aktuelle. Me er straks åtte tilsette i Norheimsund i dag, der ein av dei tilsette er maskiningeniør med over 25 års erfaring. I tillegg har me maskiningeniørar i Odda. Me har ambisjonar om vidare vekst i Norheimsund, og skal til hausten flytta inn i nyrenoverte lokale sentralt i Norheimsund.

Dine arbeidsoppgåver kan vere:

  • Konseptutvikling
  • Planlegging, prosjektering og gjennomføring av ulike oppdrag innanfor industrien
  • Prosjektadministrasjon
  • Kartlegging og tilstandskontroll hjå våre kundar
  • Analysar, dimensjonering, modellering med varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Arbeidsoppgåvene kan tilpassast interesser og kvalifikasjonar.

For oss er det ønskjeleg at du:

  • Er sivilingeniør/ingeniør med relevant erfaring frå industrien
  • Har eit stort fagleg engasjement
  • Har solid kompetanse og interesse innan maskinfaget
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM
  • Ynskjer fagleg utvikling
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har førarkort klasse B eller har planar om å ta det

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Bonus knytta til selskapet sine resultat
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
  • Fleksibel arbeidstid med fri i jola og påskeveka. Sju timar arbeidsdag om sommaren.

Innsending av søknad:

Ta gjerne uforpliktande kontakt med gruppeleiar i bygg/industri Kåre Kalhagen Eitrheim tlf. 97 15 45 39 eller avdelingsleiar for Voss-Norheimsund Frode Atterås tlf. 92 40 76 88. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Søknadane vert vurdert fortløpande.

I Norconsult utviklar me morgondagens samfunn ved å kombinera ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Me har en heilskapleg tilnærming med utgangspunkt i lokalt nærvær og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Kvar dag betrar me kvardagen», søkjer me stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysningar. Me har over 5 600 medarbeidarar fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser me tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant annet bygg og eigendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Stillingsinfo

Frist7. juni 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Frode Atterås

Avdelingsleder Kontor


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Norconsult AS

Norconsult er et ledende nordisk rådgiverselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekter i privat og offentlig sektor, innen infrastruktur, energi og industri, bygg, eiendom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet «Hver dag forbedrer vi hverdagen», søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 000 medarbeidere fordelt på over 130 kontorer i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfaglig kompetanse med lokal tilstedeværelse.

For Norconsult er det en grunnleggende forutsetning at alle mennesker er likeverdige. Målet er at våre medarbeidere skal ha de samme mulighetene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av hvem de er eller hvordan de identifiserer seg. Et bredere spekter av perspektiver hjelper oss å forstå alle deler av samfunnet, utfordrer oss i våre oppdrag og fører til en høyere grad av innovasjon. Vi ønsker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.