Ny i dag

Løysingsarkitekt søkes!

Vil du drive digitaliseringa som formar framtidas naturforvaltning?

MiljødirektoratetOslo29. april 2026
Søk her

Kontaktperson

Nina Lagesen

Seksjonsleder

nina.lagesen@miljodir.no

Vi søkjer deg med brei kompetanse og evne til å sjå heilskaplege løysingar. Saman med kollegaer i dei ulike miljøfagseksjonane jobbar vi for å sikre at vi har gode digitale løysingar for alt frå forvaltning av rovvilt til teljing av pukkellaks. Hos oss vil du få ein jobb med meining!

Vi ser derfor etter deg som er oppteken av å omsetje brukarkrav og prosessar til digitale prosessar. Du er flink til å forstå brukaranes og organisasjonens behov, og du ser det store biletet og jobbar målretta mot dette. Vidare har du oversikt over trendar innanfor teknologi, og er oppteken av korleis ein kan bruke det til å oppnå nye moglegheiter for å realisere behova våre.

Stillinga er plassert i seksjon for digitalisering og utvikling og vil inngå i arkitekturteamet vårt, som består av både fast tilsette og innleigde arkitektar, med arbeidsstad både i Oslo og Trondheim.

Seksjonen består av faggrupper for systemutvikling, arkitektur og teamansvarlege/digitaliseringsrådgivarar. Oppgåva vår er å jobbe tett med miljøfagsavdelingene på alle initiativ og oppgåver som omhandlar digitalisering. Denne stillinga er lokalisert på Helsfyr, Oslo.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • jobbe med moderne arkitektur
  • bidra til at vi designer varige og berekraftige løysingar
  • gjere avvegingar mellom ulike ikkje-funksjonelle krav, slik som yting, tryggleik og brukarvennlegheit
  • bidra til at arkitekturprinsippa våre blir utvikla og etterlevde
  • drive innovasjon og endring gjennom eigarskap til løysingar og leveransar
  • utarbeide løysingsspesifikasjonar
  • aktivt samarbeide med partnarane våre og bruke dei nyaste teknologitrendane
  • omsetje idear og behov til gode løysingsbeskrivingar
  • utarbeide løysingsdesign og estimat

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • Du har ei relevant mastergrad innan IT. Utdanning på bachelornivå med svært relevant erfaring kan kompensere for utdanning på masternivå.
  • du har stor fagleg interesse for arkitektur, og har erfaring som til dømes integrasjonsarkitekt eller løysingsarkitekt og gjerne som systemutviklar
  • du har erfaring med Azure, AWS eller andre skyplattformer
  • du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • du har erfaring med smidig produktutvikling
  • du har erfaring med modelleringsverktøy og estimeringsmodellar

Eigenskapar

  • du tenkjer heilskapleg og har ei systematisk og analytisk tilnærming til problemløysing
  • du samarbeider proaktivt for å forstå brukargruppers behov, og har svært god organisasjonsforståing
  • du jobbar godt saman med folk med ulik fagbakgrunn, og skaper relasjonar og nettverk
  • du kommuniserer tydeleg og overbevisande
  • du liker å setje deg inn i nye løysingar og held deg fagleg oppdatert

Vi tilbyr

  • Fast stilling som sjefingeniør med lønn fra kr. 680 000 – kr. 940 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkjar kan vurderast noko høgare.
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • moderne kontorfasilitetar og moglegheit for avtale om heimekontor
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit stort fagmiljø med dyktige kollegaer og moglegheiter for relevante kurs og sertifiseringar
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar, moglegheit for heimekontor og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse

Har du spørsmål?

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Nina Lagesen, tlf. 95 55 80 02 eller e-post nina.lagesen@miljodir.no.

Oppgi referansenummer 26-2026 ODU når du tek kontakt.

Generelle opplysningar

Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.

Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.

Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.

Arbeidsstad: Grensesvingen 7, 0661 Oslo

Stillingsinfo

Frist29. april 2026

Kontaktperson


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig,Hybrid

Industrier


Se flere stillinger fra Miljødirektoratet

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.

Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.

Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke!