Laboratorie- og feltingeniør betong

Klar for ein variert arbeidskvardag med prøvetaking og oppfølging av betongkvalitet?

Statens vegvesenBergen3. september 2025
Søk her

I laboratoria våre testar vi alt frå asfalt og steinmateriale til betong og geotekniske prøver. No ser vi etter deg som liker å jobbe praktisk og motiverast av arbeidsoppgåver innan kvalitetskontroll av betong!

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med prøvetaking og oppfølging av betongkvalitet – både ute i felt og inne på laboratoriet vårt. Vi hjelper byggherre med kvalitetsoppfølging, sikrar fagleg utvikling og jobbar med forskings- og utviklingsprosjekt for å forbetre norsk vegbygging og drift og vedlikehald, og for å bidra til at utviklinga går rette vegen.

Statens vegvesen har ein landsdekkjande Laboratorieseksjon med fem laboratorium. Per no består seksjonen vår av omtrent 40 medarbeidarar fordelte på ni lokasjonar.

Kontorstad for denne stillinga vil vere ved laboratoriet vårt i Bergen (Nygårdsgaten 112).

Arbeidsoppgåver

Som laboratorie- og feltingeniør vil du planlegge, risikovurdere og kvalitetssikre ditt eige arbeid.

Hovudarbeidsoppgåvene dine vil vere oppfølging av betongarbeid ute i felt og rutineanalysar av betong inne i laboratoriet. I tillegg vil registrering av data, tolking av resultat, vurdering opp mot krav og rapportering til byggjeleiinga inngå i arbeidsoppgåvene dine.

Du vil følgje rutinar for vedlikehald, kontroll og kalibrering av utstyr og maskiner, bidra til fagleg utvikling og opplæring av andre, samt utføre generelle driftsoppgåver ved laboratorie- og feltverksemda. Bistand på andre av fagområda til laboratoriet må også påreknast.

Arbeid i felt kan innebere arbeid på eller langs trafikkert veg, på byggeplassar og i tunnel. Stillinga vil kunne innebere ein del reising og noko nattarbeid.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Minimum 3-årig høgskole eller universitet innan relevant fagretning, til dømes bygg og anlegg eller kjemi, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Førarkort kl. B. er eit krav. Førarkort kl. BE er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt.
  • Kunnskap om og erfaring frå fagområdet betong.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein fagleg engasjert og kvalitetsfokusert person som er strukturert og nøyaktig. Du må ha rett HMS-fokus, og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, då vi fungerer som internkonsulentar for byggherremiljøa i vegvesenet. Fleksibilitet er viktig, sidan arbeidet omfattar reising og oppdrag som kan endre seg på kort varsel. Du bør også ha evne og vilje til å setje deg inn i bruk av teknisk utstyr og dataverktøy.

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Stillingsinfo

Frist3. september 2025

Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.