
Koordinator
NVE søkjer administrativ koordinator til regionkontoret i Førde
Nøkkelord
Vi søkjer deg som kan bidra inn på den administrative sida av verksemda. Du vil vere ein tilretteleggjar og bidragsytar inn i mange av dei pågåande prosjekta våre, bidra i beredskap ved flaum- og skredhendingar, og vere ei støtte til regionsjefen i den daglege drifta av regionkontoret.
NVE skal bidra til ei heilskapleg forvaltning av vassdraga våre, fremje sikker kraftforsyning og betre evna samfunnet har til å handtere flaum- og skredrisiko. Desse oppgåvene blir viktige framover, både på grunn av energibehovet i samfunnet, og ikkje minst på grunn av aukande ekstremvêr med tilhøyrande flaum- og skredrisiko. Ved NVE sitt regionkontor i Førde har vi eit breitt, tverrfagleg miljø som arbeider med dei fleste av NVE sine viktige oppgåver.
NVE gjennomfører sikringstiltak mot naturfare med planlegging, prosjektering og utføring, i tett samarbeid med kommunane. Sikringseininga bidreg med rettleiing og sikringstiltak i vassdrag og skredutsette område, og dessutan handtering av beredskapssituasjonar. NVE si rolle i beredskap handlar i hovudsak om å gi råd og hjelp til kommunar, politi og andre samvirkeaktørar, forme ut vedtak, informere og ha oversikt over situasjonar knytta til vårt fagansvar. Arealplanseksjonen gir uttalar/føresegner til kommunar i plansaker, for å hindre utbygging i faresoner. Medarbeidarane våre har behov for bistand til prosjekta med m.a. arkivering, vidareutvikling av kvalitetssystem, referatskriving, og anna administrativ støtte. Det vil også vere aktuelt med annan type administrativt arbeid og støtte til kontoret, som kontordrift, bilhald, superbrukar og support på ulike datasystem, osb.
Regionkontoret i Førde har ca. 40 tilsette. Du vil komme til eit entusiastisk og inkluderande arbeidsmiljø der vi løyser viktige oppgåver i fellesskap. NVE region Vest omfattar Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil avhenge av kvalifikasjonane dine og kan typisk vere:
- bistå i den daglege drifta av regionkontoret
- administrativ støtte for saksbehandlarar, prosjektleiarar og prosjektmedarbeidarar – deltaking i prosjektarbeid
- avlaste og leggje til rette for saksbehandlarar, m.a. med innhenting av kommunedata
- arkivering, prosjektorganisering i P360, superbrukar og støtte til prosjektleiarar og saksbehandlarar
- inngå i beredskapsgruppa til regionkontoret med loggføring, listeføring, superbrukar på loggføringssystem for kriseberedskap (RAYVN), osb.
- ønskjeleg med lokalt IT ansvar og support
- personaloppfølging ved tilsetjingar, fråtreding, jubileum, gjester, tilrettelegging for kontorplass, opplæring i administrative system («administrativ fadder»)
- administrativ støtte for medarbeidarar ved regionkontoret ved større møte, konferansar, og andre arrangement
- samarbeid med andre regionkontor og hovudkontoret og dessutan kunne avhjelpe andre regionkontor ved sjukdom, permisjonar o.a.
Kvalifikasjonar
Du må:
- ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, eventuelt tilsvarande relevant erfaring
- kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
I tillegg er det fordel om du har:
- kunnskap om offentleg forvaltning
- kunnskap om P360 eller andre arkiveringssystem
- erfaring med leiarstøtte og generelt administrativt arbeid, gjerne frå offentleg sektor
- gode IT-ferdigheiter og erfaring med relevante digitale verktøy, gjerne som superbrukar eller support
- erfaring med beredskapsarbeid
- førarkort klasse B
Personlige egenskaper
- du er fleksibel og innstilt på å yte ekstra om det er nødvendig
- du er systematisk og ansvarsmedviten, og evnar både å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- du er engasjert og tek initiativ
- du er endringskompetent og ser moglegheiter
- du er omgjengeleg og er oppteken av eit godt arbeidsmiljø
Personleg kvalifikasjonar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Som medarbeidar i NVE blir du ein del av ein sterk kunnskapsorganisasjon med eit utsrekt tverrfagleg miljø. Vi er opptekne av at medarbeidarane våre skal ha rom for personleg utvikling, og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få variert og utfordrande oppgåver med innverknad på viktige samfunnsområde og ei stor kontaktflate.
Vi held til i trivelege kontorlokale sentralt i Førde. Der har vi tilbod om trening i arbeidstida, og eit aktivt bedriftsidrettslag. Vi har ein familievennleg og fleksibel personalpolitikk, og er opptekne av at medarbeidarane våre skal trivast og ha det godt på jobb i alle livsfasar. Vi har gode arbeidstidsordningar (fleksitid, sommartid, betalt overtid), og medlemskap i Statens pensjonskasse som mellom anna gir gode lånevilkår.
Tilsetjing i stillingskode rådgiver/seniorrådgiver (1434/1364), og årslønna di tilpasses kvalifikasjonane dine. Frå lønna blir trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.
Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det legg vi til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om delvis heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjere i samsvar med NVE sine gjeldande retningslinjer.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Kompetanse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi ønskjer at du legg ved vitnemål og attestar elektronisk til søknaden. Søknadspapir blir ikkje returnerte.

Vil du jobbe tett på Norges vann- og energiressurser? Som ansatt i Norges vassdrags- og energidirektorat kan du være med å påvirke hvordan disse viktige ressursene blir brukt i fremtiden.
NVE må håndtere mange utfordringer i årene som kommer. Klimaendringene, fornybar energi, sikker strømforsyning, flom, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk er eksempler på dette. NVE har hovedkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har vi fjellskredovervåking på Stranda og i Kåfjord.