Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kontrollingeniør til utbyggingsprosjekt i Rogaland og Sunnhordland

Statens vegvesenFlere steder16. april 2023
Søk her

Kontaktperson

Irene Hegre

Seksjonsleiar

irene.hegre@vegvesen.no

Stillingsbeskrivelse

Seksjonen Plan og utbygging vest 2 høyrer til divisjon Drift og Vedlikehold og har ansvar for planlegging og bygging av ulike mindre investerings- og utbetringsprosjekt på riksvegnettet. Seksjonen har i dag 14 kjekke medarbeidarar fordelt på kontorstadene Haugesund, Stavanger og Stord. Me ynskjer no å styrke oss med ein kontrollingeniør. Dette fordi me ser at det framover kjem til å koma mange nye prosjekt på riksvegnettet i Rogaland og Sunnhordland. Det me bygger er i hovudsak nye gang- og sykkelvegar, trafikksikerheitstiltak og vegutviding på E134, E39 og Rv. 13.

I seksjonen har me behov for å ein kontrollingeniør til våre samferdselsprosjekt. Me søkjer etter deg som har utdanning og erfaring innanfor anlegg. Me tilbyr eit godt fagmiljø, og du vil få opplæring og oppfølging frå kollegaer. Seksjonen har i dag 15 medarbeidarar fordelt på kontorstadane Haugesund, Stavanger og Stord.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera:

  • Utføra kontroll og oppfølging av entreprenør/ kontraktsarbeid med fokus på teknisk kvalitet, SHA, mengdekontroll og måloppnåing
  • Delta i byggemøte
  • Planlegging og oppfølging av andre relevante byggherreoppgåver
  • Oppfølging av arbeid på SVV sin grunn utført av andre
  • Hjelpa byggeleiar med kontraktsoppfølging

Kvardagen vil bli ei blanding av kontorarbeid, synfaring og kontroll. Du vil få moglegheit til å jobba i fleire ulike prosjektteam.

Kontorstad vil vera Stord eller Haugesund. Stavanger kan også vurderast, men me føreset då at søkjar er svært mobil og fleksibel med tanke på reiseavstandar til anlegg.

Kompetansekrav

Det er ynskjeleg med relevant utdanning frå universitet, høgskule eller teknisk fagskule, minimum to år. Langvarig, relevant erfaring kan kompansera for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Du må ha førarkort klasse B. Det må reknast med ein del reiseverksemd, og me føreset at du er mobil og fleksibel med tanke på arbeidstid og reiser.

Me ser etter deg som har interesse for å ta vare på og utbetra den vegen me har i dag, trafikksikkerheit og framfor alt kvalitet i utføring og dokumentasjon. Samstundes er det viktig at du kan sjå praktiske løysingar og ha god dialog internt så vel som med eksterne. Du må også har god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk. Andre administrative oppgåver kan og vil komma i tillegg. Det er viktig at du som person er fleksibel, samarbeidsvillig og engasjert.Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Les dette før du søker!

Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!

På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av

Søkarlista er offentlig

Openheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt seksjonsleiar Irene Hegre, e-post irene.hegre@vegvesen.no eller mobil 979 76 295.

Vi tilbyr

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.

Vi tilbyr deg også desse godene:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
  • gode høve for fagleg påfyll

Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.

Stillingsinfo

Frist16. april 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Irene Hegre

Seksjonsleiar


Industrier

Bygg og anlegg

Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.