Fristen for annonsen har gått ut

Kontraktsrådgiver

Er du den neste kontraktsrådgivaren vår som vil forma vegane i framtida

Statens vegvesenBergen19. januar 2025
Søk her

Kontaktpersoner

John Atle Haugland

Avdelingsdirektør Kontrakt og marked

+47 915 22 215

Christian Nøstdal

Leder Team Anskaffelser

Nøkkelord

KontraktsforhandlingerOffentlige innkjøpAnleggsbransjenEntrepriserettForvaltning

Kontrakt og marknad i Utbygging søkjer etter ein kontraktsrådgivar som vil få høvet til å delta i arbeidet med å vidareutvikla Statens vegvesen som ein framtidsretta byggherre. Kompetansen vår skal sikra meirverdi i utbyggingsprosjekta som bidreg både med regionale og lokale tiltak som skal auka trafikktryggleik, framkomme og ikkje minst som eit bidrag mot nullvisjonen.

Avdelinga har ein stab på 31 medarbeidarar, som hjelper divisjonen og utbyggingsprosjekta med rådgiving, utvikling av konkurransegrunnlag, kontraktar, rammeverk (som handbøker, rettleiarar og andre hjelpedokument) og kompetanseutvikling innanfor fleire område innanfor eksempelvis rådgiverkontraker, klima og berekraft og innkjøp.

Kontorstad er fortrinnsvis Bergen, men også andre lokasjonar, som Molde, Bodø og Drammen kan vurderast. Det må påreknast noko reiseverksemd.

Arbeidsoppgåver

  • Vi søkjer deg som trivst i eit hektisk og utviklande miljø og som kan bidra sterkt i ein eller fleire av følgjande oppgåver:
  • Hjelp til med rådgiving knytt til utarbeiding av konkurransegrunnlag og tilbodsvurdering for entreprisar og/eller rådgivarkontraktar.
  • Hjelp ved gjennomføring av konkurransar, under dette i tilbodsevaluering og forhandlingar.
  • Delta i utvikling av rammeverk som konkurransegrunnlagsmålar, handbøker, rettleiarar og andre dokument knytt til innkjøp som Kontrakt og marknad har ansvar for.
  • Andre oppgåver innanfor arbeidsområda av staben kan også vera aktuelle.

Kompetansekrav

  • Mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen.
    For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • God skriftleg og munnleg norsk formuleringsevne
  • Vi vil vektleggja dette i våre vurderingar:
    kunnskap om eller erfaring med offentlege innkjøp.
    kjennskap til entrepriserett eller rådgivarkontraktar.
  • God kunnskap innan forvaltning og styresmaktsutøving.
  • Erfaring med forhandlingar.
  • Erfaring med standardkontraktar i anleggsbransjen.
  • Fagleg styrke, høg arbeidskapasitet og at du er kundefokusert.

Me ser helst at du har nokre års erfaring, men nyutdanna vil også bli vurdert.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med Avdelingsdirektør Kontrakt og marked John Atle Haugland på mobil 915 22 215 eller leder Team Anskaffelser Christian Nøstdal på mobil 466 10 064.

Stillingsinfo

Frist19. januar 2025

Kontaktpersoner

John Atle Haugland

Avdelingsdirektør Kontrakt og marked

Christian Nøstdal

Leder Team Anskaffelser


Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.