Hopp til hovedinnhold
Tekjobb
Ny i dag

Konsulentar Microsoft 365

Brenn du for Microsoft 365 og framtidsretta IT-løysingar?

TussaFlere lokasjoner23. februar 2025
Søk her

Kontaktpersoner

Stian Hofseth

Avdelingsleiar utvikling og løysingar

stian.hofseth@tussa.no

Magnus Grimstad

Leiar forretningsområdet IT

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med om lag 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Tussa har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd.

Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa IKT

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har over 100 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert og er "Microsoft AI Cloud Partner"

Vi er i vekst og styrkar Microsoft 365 - miljøet

Vi skal utvide Microsoft 365 miljøet vårt med fleire dyktige konsulentar. Har du relevant erfaring, så kan du bli ein del av Tussa IKT sitt solide fagmiljø. Du kan velje Ålesund, Ørsta, Sykkylven eller Åndalsnes som oppmøtestad.

Nokre av arbeidsoppgåvene til ein Microsoft 365 konsulent vil vere:

  • Løysingsdesign til nye og eksisterande kundar
  • Rådgjeving og implementering av IT-løysingar som møter kundane sine tekniske og strategiske behov
  • Ta del i vidareutvikling av tenesteportefølja vår i Microsoft 365
  • Utforskning og implementering av ny teknologi for å etablere framtidsretta IT-tenester
  • Arbeid på tvers av Microsoft si produktportefølje, herunder Microsoft 365, Azure og sikkerheitsløysingar

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring med oppsett, konfigurasjon, drift og forvalting av Microsoft 365-miljø
  • God kunnskap om Microsoft 365 - arkitektur
  • Relevant Microsoft 365 - erfaring innan eit eller fleire av områda
    - Sikkerheit
    - Samhandling/informasjonsarkitektur
    - Klientdrift/Intune/Autopilot
    - Løysingsdesign
    - KI/Copilot
    - Brukeradopsjon
    - Migrering/plattformbytte
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi kan tilby

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Kurs, konferansar og sertifiseringar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Sosiale arrangement
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Konkurransedyktig løn etter avtale

Stillingsinfo

Frist23. februar 2025

Kontaktpersoner

Stian Hofseth

Avdelingsleiar utvikling og løysingar

Magnus Grimstad

Leiar forretningsområdet IT


Stillingstyper

Fast ansettelse,Privat

Se flere stillinger fra Tussa

Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Over 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.