Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kommunikasjonsrådgjevarar

Statens vegvesen styrkar kommunikasjonsmiljøet i Bergen

Statens vegvesenBergen10. november 2023
Søk her

Kontaktperson

Arne Eithun

+47 970 55 223

Om stillinga

Vi leitar etter ny to nye kommunikasjonsrådgjevarar til Statens vegvesen sin utbyggingsdivisjon i Bergen! Saman skal vi skrive samferdslehistorie i Norge, og du har no sjansen til å vere med på laget.

Statens vegvesen utviklar samfunnet vårt gjennom å skape trygge, effektive og berekraftige transportløysingar som får folk og varer fram. Utbyggingsdivisjonen sitt oppdrag er å planlegge og byggje dei største og mest komplekse samferdselsprosjekta i Norge.

Det er stor merksemd og interesse rundt det vi driv med. Vi treng folk som kan støtte divisjonen med å kommunisere ope og proaktivt om vår aktivitet, og korleis det påverkar folk. Hos oss vil du inngå i ein kommunikasjonsstab med 14 andre kommunikasjonsrådgjevarar, i tillegg til å jobbe på tvers med andre i kommunikasjonsmiljøet i Statens vegvesen. Vi sit på ulike stadar over heile landet og har eit solid og stort fagmiljø, med stor variasjon i kompetanse. Vi spelar kvarandre gode fagleg og legg vekt på at vi skal trivast på jobb saman.

Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med er:

  • Støtte kommunikasjonsleiar med å styre og utvikle kommunikasjonsstaben sitt arbeid til å vere i tråd med etaten sine overordna strategiar (gjeld for den eine stillinga)
  • Enkle kommunikasjons- og tiltaksplanar for prosjekta du følgjer opp
  • Pressemeldingar, kronikkar, lesarinnlegg og nærinformasjon
  • Gje råd til ulike prosjekt og fagavdelingar i møte med media og ulike interessentar
  • Lage innhald til nettsider, prosjektsider, intranett og sosiale medium
  • Vere med i medievaktordning (kl. 08-15.30 på kvardagar)

Kommunikasjonsoppgåvene du skal gjere er i hovudsak knytt til store vegprosjekt vi har gåande på Vestlandet og i Midt-Norge. Du må rekne med mykje reiseaktivitet i jobben.

Dine kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, marknadsføring, samfunnsvitskap og/eller humaniora
  • Nokre års relevant arbeidserfaring
  • Erfaring med mediehandtering og innhaldsproduksjon
  • Det er ein fordel om du også har kjennskap til og forståing av offentleg forvalting og politiske prosessar
  • Du må ha førarkort for personbil

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Vi leiter etter deg som er nysgjerrig, proaktiv, trivst med høgt tempo og mykje ansvar. Du lar deg motivere av samfunnsoppdraget vårt og gode historieforteljingar.

Les dette før du søkjer!

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Arbeidsstaden din blir Vegvesenet sitt kontorbygg i Bergen sentrum. Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt Arne Eithun tlf. +47 970 55 223

Stillingsinfo

Frist10. november 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Arne Eithun


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.