Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Kommunikasjons­rådgjevar

Bli en del av vårt dyktige kommunikasjonsteam!

Statens vegvesenStavanger4. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Arne Eithun,

Kommunikasjonsleiar

+47 970 55 223

Er du den vi ser etter?

Kommunikasjonsstaben i Statens vegvesen Utbygging er blant dei største kommunikasjonsfagmiljøa innan samferdsle og utvikling av vegsektoren i Norge. Kommunikasjonsrådgjevarane jobbar over heile landet, og har mange og viktige roller for at organisasjonen skal nå sine mål.

Vi har spesialistar, strategar, kompetansebyggjarar og produsentar i ein stab på 15 medarbeidarar. Ein av desse sluttar snart, og vi søkjer no etter ein ny dyktig medarbeidar.

Stillinga består av strategiske og operative kommunikasjonsoppgåver både eksternt og internt i heile utbyggingsområde vest. Du kjem særleg til å arbeide med kommunikasjon på pågåande vegprosjekt og prosjekt som er under planlegging i det aktuelle området.

Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med:

  • utarbeide pressemeldingar, nærinformasjon, brosjyrar og annonsetekstar
  • lage enkle kommunikasjons- og tiltaksplanar for prosjekta du følgjer opp
  • utøve fortløpande kommunikasjons- og medierådgjeving for prosjekt/avdelingar
  • lage og publisere nyhendesaker til vegvesen.no og intranettet vårt
  • foto/video (inkludert redigering)
  • lage og publisere innhald i sosiale medium
  • språkvask
  • lage og halde presentasjonar

I tillegg til desse oppgåvene blir du ein del av medievaktordninga vår, samt andre fellesoppgåver som staben har ansvaret for.

Du må rekne med ein del reiseaktivitet i jobben.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som helst har relevant utdanning på bachelornivå og god erfaring med både strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Erfaring og interesse for historieforteljing generelt, og samferdsleformidling spesielt, kjem godt med i denne stillinga. Difor krevst det minimum 5 års relevant erfaring.

Vi ynskjer at du også har kjennskap til og forståing av offentleg forvalting og politiske prosessar. Du formulerer deg godt både munnleg og skriftleg, du tenkjer nytt, og du er flink til å samarbeide og skape tillitsfulle relasjonar. Samtidig må du vere sjølvstendig og strukturert i arbeidet og ha ein vilje til å stå og gå på.

Arbeidsstaden din blir Vegvesenet sitt kontorbygg i Stavanger sentrum.

Løn blir avtala nærmare i samsvar med vår lønspolitikk.

Kvifor skal du velgje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptatt av mangfald og ynskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass som gjenspeiler befolkningen. Vi har behov for medarbeidare med ulik bakgrunn, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Vi oppfordrer dirfor alle kvalifiserte kandidater til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søker frå kvar av desse gruppane til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjer i desse gruppane (bli positivt særbehandlet), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgiverportalen.

Søkerlista er offentlig

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Har du spørsmål om stillinga?

Kommunikasjonsleiar Arne Eithun, tlf. +47 970 55 223

Du søkjer på stillinga elektronisk innan fristen 4. august.

Stillingsinfo

Frist4. august 2023
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Arne Eithun,

Kommunikasjonsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.