Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Klimarådgivarar

Bli ein drivkraft for klimavennlege løysingar i veibygging!

Statens vegvesenTromsø28. januar 2024
Søk her

Kontaktperson

Bente Johnsen Aase

Leiar

+47 950 99 596

Er du den vi ser etter?

Vi har eit mål om å redusere klimagassutsleppa med 55% innan 2030, mellom anna gjennom innkjøpa og oppfølginga våre av kontraktar. Vi søkjer derfor to klimarådgivarar med tiltreding snarast mogleg. Stillingane er knytt til stab Kontrakt og marknad i Divisjon drift og vedlikehald.

Som klimarådgivar hos oss vil du utgjere ein forskjell i drifts- og vedlikehaldskontraktar og i konkrete byggjeprosjekt, samtidig som du får høve til å påverke klimaresultata til heile porteføljen til divisjonen. Du vil også få ei viktig rolle i å vere med å byggje opp eit klimafagleg miljø og bidra inn i det strategiske arbeidet på klima i divisjonen.

Kontrakt og marknad hjelper mellom anna dei operative einingane til divisjonen med rådgiving innanfor fagområda til divisjonen, med eit særleg fokus på marknaden, innkjøp og kontraktar. Ei viktig oppgåve er også å vareta kontakt med eksterne aktørar innanfor fagområda til avdelinga.

Divisjon drift og vedlikehald har ansvaret for å vareta vegeigarskapen på eksisterande riksvegar. Porteføljen til divisjonen, med om lag 150 årlege innkjøp og til kvar tid ca. 350 løpande kontraktar, er breitt samansett av drift, vedlikehald, planlegging og bygging av mindre utbyggingsprosjekt og dessutan gjennomføre utbetringstiltak.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ein spennande og variert arbeidskvardag der arbeidsoppgåvene mellom anna er:

  • følgje og bidra til utvikling i marknaden av nullutsleppsteknologi for drift og hald ved like og mindre investeringar.
  • kombinere kunnskap innan ulike klima- og miljøfagfelt til ein heilskapleg og god praksis i Staten vegvesen.
  • bidra til at divisjonen når klimamåla sine på porteføljenivå.
  • utarbeide og evaluere klimakrav/-kriterium i ulike kontraktar.
  • utføre klimagassberekningar.
  • kombinere kunnskap innan ulike klima- og miljøfagfelt til ein heilskapleg og god praksis i Staten Vegvesen.
  • andre relevante oppgåver lagt til Kontrakt og marknad.

Stillinga fordrar både stor grad av sjølvstende, men også oppgåveløysing i team.

Vi har medarbeidarar på følgjande lokasjonar: Gjøvik, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø, Harstad, Tromsø, Alta og Hammerfest. Annan kontorstad kan også vurderast og vi ber deg oppgi ønskt kontorstad.

Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har:

  • minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule med relevante fagkombinasjonar
  • kjennskap og/eller erfaring med LCA-metodikk og klimabudsjett/-rekneskapar
  • gode ferdigheiter innan digitale verktøy og aktuelle klimagassverktøy
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Det er ønskjeleg at du:

  • har erfaring med strategisk arbeid, og då gjerne innan klima og miljø
  • har erfaring med utformining og oppfølging av kontraktar og der klima og miljø har noko å seie
  • har kunnskap om praktisk arbeid innanfor våre kontraktstypar
  • relevant bransjekunnskap
  • kjenner til innsatsfaktorar og betydninga dykkar for klima og miljø
  • har ønske og motivasjon til å bidra til ei digital utvikling av relevante oppgåver

Personlege eigenskapar som vi ser etter:

  • god relasjonskompetanse
  • høy arbeidskapasitet
  • strukturert, systematisk og
  • analytisk
  • initiativrik og evne til å sjå løysingar
  • har ein trygg og tydeleg kommunikasjon

Vi vil vektleggje nøyaktigheit, ryddighet og fleksibilitet. Arbeidsoppgåvene kan medføre noko reiseverksemd.

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Bente Johnsen Aase tlf. 95099596.

Stillingsinfo

Frist28. januar 2024
ArbeidsspråkNorsk

Kontaktperson

Bente Johnsen Aase

Leiar


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.