Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

IT-driftsrådgjevar - digitalt politiarbeid

Gjør en forskjell i kampen mot digital kriminalitet

Vest PolitidistriktBergen - Florø27. november 2023
Søk her

Kontaktpersoner

Skjalg Lied

Politioverbetjent - Avsnittsleder for digitalt politiarbeid

skjalg.overas.lied@politiet.no

Odd Arve Solvåg

Politiinspektør - Seksjonsleder FEE-Seksjon for krimtek og digitalt politiarbeid

Nøkkelord

PoliitiITDigitalt PolitiarbeidUtviklingDriftVirtualiseringHorizonVmWareSikkerhetKIAIInnovasjon

Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid

I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid er det ledig ei stilling som rådgjevar med funksjon som driftsteknikar (stillingskode 1434.) Den utlyste stillinga er lokalisert i Bergen eller Florø, og den som vert tilbydd stillinga vil jobbe ut frå ein av desse stadane. Ein må rekne med noko reiseverksemd i heile distriktet og mellom lokasjonene i Florø og Bergen.

Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. I eit innovativt miljø treng vi dyktige medarbeidarar som kan vere med å utvikle eininga vidare i takt med samfunnsutviklinga.

IKT-løysingane som brukast på Avsnitt for digitalt politiarbeid ligg langt framme, og vi har ein utstrakt bruk av virtualisering (VmWare/Horizon) og spesialprogram. Dette skal gje våre etterforskarar dei beste moglegheitene for å løyse etterforskningsoppgåvene som både gamle og nye former for kriminalitet gjev.

Vi søkjer deg som vil være med å gjere ein forskjell gjennom å drifte og utvikle våre systemer innen digitalt politiarbeid i tett samarbeid med Politiets IT-tjenester

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av eininga si nettverksløysning og tilkobla lokasjoner, og med tanke på sikkerhet
  • Drift og vedlikehold av serverløsning (Dell Unity) og Horizon
  • Overvåkning og feilsøking/feilretting
  • Oppfølging av brukeradministrasjon
  • Lisensoppfølging, vedlikehald og oppdatering
  • Oppfølging av programvareoppdateringar i eininga
  • Opplæring internt i avsnittet og eksternt i resten av politidistriktet
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Utdanning fra høgskole eller universitet på minimum bachelornivå og relevant arbeidserfaring
  • Relevant erfaring vektleggast (minimum 10 år) og kan i særskilte høve kompensere for kravet til utdanning
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
  • Svært god IT- og systemkunnskap
  • God kjennskap til drift av virtualiserte miljø
  • Erfaring med drift og forvaltning av komplekse IT-systemer og
  • nettverksarkitektur/hardware
  • Erfaring frå varierte IT-utfordringar, nettverk, plattformer og OS er ein fordel
  • Erfaring frå scripting og utvikling er ein fordel
  • Andre språkkunnskapar er ein fordel
  • Må kunne klarerast for HEMMELEG

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Personlege eigenskapar

  • Resultat- og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • God evne til å tenkje nytt og bidra til videreutvikling av enheten
  • Evne å jobba strukturert, sjølvstendig og analytisk
  • God på samarbeid og evne til å skape resultater i samhandling med andre
  • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
  • Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/)

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida
  • Stillinga blir lønt som rådgjevar (stillingskode 1434), frå kr 667.700- 720.100 brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnummer 23/230966

Spørsmål om CV og søknad

Kontakt Seksjon for HR
207.HR@politiet.no

Stillingsinfo

Frist27. november 2023
ArbeidsspråkNorsk - Engelsk

Kontaktpersoner

Skjalg Lied

Politioverbetjent - Avsnittsleder for digitalt politiarbeid

Odd Arve Solvåg

Politiinspektør - Seksjonsleder FEE-Seksjon for krimtek og digitalt politiarbeid


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Vest Politidistrikt

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 598 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.