Hopp til hovedinnhold
Tekjobb

Fristen for annonsen har gått ut

Instituttleiar

- Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag

Høgskulen på VestlandetFlere lokasjoner13. august 2023
Søk her

Kontaktperson

Jens Kristian Fosse

Dekan

jens.kristian.fosse@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet har ledig stilling som instituttleiar ved nytt Fakultet for ingeniør- og økonomifag, natur- og samfunnsvitskap. Åremålet gjeld for perioden 01.01.2024 - 31.12.2027

Høgskulen på Vestlandet søkjer etter instituttleiar for eit av fem nye institutt ved nytt Fakultet for ingeniør- og økonomifag, natur- og samfunnsvitskap (det endelege fakultet- og instituttnamnet er førebels ikkje klart).

Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag har om lag 350 studentar og 60 tilsette i Bergen og Haugesund. Instituttet har ein fagprofil som spenner frå helsefag til klassiske ingeniørfag. Instituttet tilbyr bachelor- og masterutdanningar, og har brei forskingsaktivitet som skjer i nært samarbeid med næringslivet i regionen og andre høgare utdannigsinstitusjonar i inn- og utland. Instituttet har topp moderne laboratorium som blir nytta til undervising og forsking.

Instituttleiar har det overordna ansvar innan sitt område, rapportera til dekan og inngår i fakultetsleiinga i eit nytt samanslått fakultet. Det er venta at instituttleiaren tek del i leiinga av heile det nye fakultetet, ikkje berre eige institutt. Instituttleiar skal sørge for ansvarleg effektiv utnytting av fakultetet og instituttet sine ressursar, og sjå til at dette skjer i samsvar med Høgskulen på Vestlandet sine mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.

Instituttleiar skal sørge for at ressursar ved instituttet vert brukt på ein god og hensiktsmessig måte i studieprogramma, og i samsvar med fakultetet sine målsettingar. Vidare skal intstituttleiar bidra til å vidareutvikle fakultetet sin strategi og initiere endringar som er naudsynte for gjennomføring av strategien.

Instituttleiar skal stimulerer til godt og produktivt forskingsmiljø og høg kvalitet i utdanningane, i tillegg til å inspirere og motivere til fagleg utvikling. Instituttleiar har eit overordna personal- og HMS ansvar for instituttet sine tilsette.

Åremålet for stillinga startar opp 01.01.2024, men den påtroppande instituttleiaren vil hausten 2023 kunne delta i førebuingane, herunder td. leiarstruktur og -rekruttering på nivå 4 (assisterande instituttleiarar).

Arbeidsspråk er norsk.

Instituttleiaren kan ha hovudarbeidstad i Bergen eller Haugesund, men er venta å vere tilstades på alle campusa. Det må påreknast ein del reiseverksemd.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ha fokus på økonomisk bærekraft innan instituttet sin portefølje
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass, tilrettelegge for medverknad og bygge felleskap fagleg og sosialt
  • Legge til rette for forskingsverksemd og underbygge initiativ og kreativitet med sikte på etablering av slagkraftige forskingsmiljø
  • Fremje kvalitet og produktivitet i utdanning med eit generelt ansvar for at det vert jobba i henhald til relevante kvalitetssystem og regelverk
  • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttet si kunnskapsutvikling
    Legge til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Arbeide for godt læringsmiljø både for dei tilsette og studentane på sitt institutt
  • Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnet sine behov
  • Utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på ph.d.-nivå
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnera innan instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, fortrinnsvis på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innan instituttet sitt fagområde
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag, og for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • Kjennskap til relevante regelverk knytt til innhald og krav i utdanningane vil vere eit føremon
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring med endringsarbeid er eit føremon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjoner internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Dekan Jens Kristian Fosse
E-post: jens.kristian.fosse@hvl.no
Tlf: 55 58 71 29

Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.

HVL sin visjon er "Kunnskap som byggjer menneske og samfunn". Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i våre verdiar - inkludere, utfordre og samhandle - som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.

Med verknad frå 1. januar 2024 blir det etablert eit nytt fakultet ved HVL, som er resultat av ei samanslåing av dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

Fakultetet vil romme eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innanfor ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi og i nautiske operasjonar.

Fakultet vil ha fem institutt med om lag 500 tilsette og 5700 studentar. Fakultetet vert leia av dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har også aktivitet ved campus Stord.

Stillingsinfo

Frist13. august 2023

Kontaktperson


Stillingstyper

Fast ansettelse

Industrier


Se flere stillinger fra Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.

HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.