Fristen for annonsen har gått ut

Industriell designer
Bli med å utvikla ny havbruksteknologi

Kontaktpersoner
Me vil revolusjonera næringa, og korleis me produserer berekraftig sjømat for vår og framtidas generasjonar. I Eide satsar me og utviklar banebrytande havbruksteknologi. Me har gitt den namnet Watermoon. Har du lyst til å bli ein avgjerande brikke for at prosjektet blir ein suksess? Prosjektet har hatt stor framdrift, og me er klare for å styrke laget med ein Mechanical Engineer
Watermoon er ei lukka teknologisatsing som vil la opp produsera sjømat på ein ny måte der me har kontroll på innsatsfaktorar. Gjennom Watermoon Vision vil bruk av sensorar og dataanalyse gjere at me kan tilpasse produksjonen på ein måte som aldri før har vore mogeleg, og bane veg for eit enda meir berekraftig havbruk.
Om rolla
Som Industriell designar blir du viktig for å setje standarden for framtidas havbruk. Saman med resten av teamet skal du omsetja strategiske satsingar til konkrete teknologiar. Dette skal resultere i lønsame produkt og løysningar, og oppfylling av Eide sine strategiske satsingar. Målet er berekraftig havbruk basert på fornybare ressursar og dei naturgitte forholda i fjord og hav.
Arbeidsoppgåver inkluderer:
- Detaljera og visualisera nye løysingar, konsept og komponentar.
- Bidra til optimalisering og forbetring av design på eksisterande komponentar og funksjonar i Watermoon-eininga
- Delta i innovasjon og teknologiutvikling saman med både operasjonelle og tekniske ressursar i bedrifta/prosjektteam, og bistå til at ideane blir skissert og gjort om til konsept
- Samarbeide med andre ressursar som utfører FEM-analysar og statiske berekningar for å sørge for at designet oppdateres iht. beregningsresultantane
- Vera rådgjevar og ressursperson i val av materialar, installasjonar, utstyr og verktøy
- Identifisera moglegheiter og avgrensingar i konsept og design, og gi konstruktive innspel
- Delta i utvikling, testing og vidareutvikling av prototypar og komponentar fram til ferdig produkt
- Vere ein støttespelar for disiplinleiar design og prosjektleiar ved å bidra til å sikra ønska kvalitet, tid og kostnader i prosjekt
- Vere ein aktiv sparringpartner for disiplinleiar design og prosjektleiaren i veival og evaluering av prosjekt
- Bistand til å hente ut illustrasjoner av produkt og komponenter i forbindelse med markedsføring og søknadsarbeid
Industriell designer rapporterer til disiplinleiar for design. Watermoon er ein av dei største strategiske satsingane i Eide si historie, og du vil ha høve til gode utviklingsmogelegheiter som fylgje av spennande nybrotsarbeid og ei verksemd i sterk vekst.
Ynskte kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan relevant fagfelt, til dømes industriell design, mekanisk ingeniør eller liknande
- Kompetanse innan/forståelse for produksjonsprosessar innan ein eller flere av følgande: PE, stål, tekstil og kompositt.
- Fordel med kjennskap til programvare som Inventor, Solidwork o.l.
Personlege eigenskapar
For å lykkast i rolla er det viktig at du:
- Handlar på eiget initiativ, får ting til å skje og tar ansvar
- Trivast med ulike typer oppgåver og variasjon i arbeidskvardagen
- Samarbeider godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og gjer støtte
- Gjennomfører planar, og oppnår gode resultat
- Er systematisk, planlegg framover og gjer klare prioriteringar
- Analyserer problemstillingar effektivt og tar gode faglege vurderingar
- Produserer nye og innovative idéar og løysningar
Me tilbyr
Hos oss vil du arbeide med høgteknologi på sjø, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide kjem du inn i ei verksemd som vil og får til. Me tør å satse, både på visjonar og på folk. Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha veldig gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.
Me har eit motto: Det viktigaste er å ha det gøy . Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett i Eide Fjordbruk vil du komme inn i ei verksemd med stor grad av utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid.
Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning. Du vil ha tilgang på kontorfasilitetar både i Bergen og ved hovudkontoret i Eidestøa.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter. I tillegg oppfordrar me deg til å sende inn ein kort video der du fortel:
- Kort om deg og din bakgrunn
- Motivasjonen din for rolla
- Kva dine styrker er inn i rolla
Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med Personalsjef Berit Hovstad tlf 484 45 520/berit.hovstad@efb.no eller Discipline lead Design Kristoffer Hermansen på tlf. 905 38 097.
For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no

Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.
Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.
Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein industridesignar med på laget.