Gruppeleiar VA-prosess, plan og LARK

No søkjer vi ein leiar som ivrar etter å gjere ein forskjell i arbeidet med å finne berekraftige og framtidsretta løysingar

Sweco NorgeVestfold / Telemark20. august 2025
Søk her

Kontaktperson

Magnhild Ek Brynilsen

Avdelingsleiar

47 31 31 30

Vi er stolte av at spisskompetansen som vi har i Sweco aldri har vore meir
etterspurt enn no. Sweco er i sterk vekst og ikkje minst er våre fagmiljø i rivande utvikling. No søkjer vi ein leiar som ivrar etter å gjere ein forskjell i arbeidet med å finne berekraftige og framtidsretta løysingar for både offentlege og private byggeprosjekt.


I over 100 år har Sweco spelt ei sentral rolle i å fornye og modernisere
samfunnsutviklinga gjennom banebrytande ingeniørarbeid, og som gruppeleiar vil du bli ein premissgivar for å bygge framtidas samfunn i Vestfold og Telemark. Gruppa du kjem til å leie og utvikle består i dag av fagsterke spesialistar med vekstambisjonar og grøne vyar for framtida. Saman med eit fleirfagleg rådgjevingsmiljø løyser gruppa utfordringar innan arealplanlegging, landskapsarkitektur, ulike former for konsekvensutgreiingar, samt prosjektering og drift av vass- og avløpsanlegg. Gruppa jobbar i alle fasar av prosjekta for både private og offentlege kundar. Med deg i spissen ligg forholda til rette for å posisjonere oss som regionens mest etterspurde rådgivarar innan fagfeltet.

Som gruppeleiar gir vi deg rom til å dyrke ideane dine og setje prosjekta dine ut i live, både i form av fagleg utvikling og marknadsarbeid – vi elskar nemleg leiarar som tar initiativ og viser ansvar. Som person er du ein trygg og samlande leiar som er oppteken av å få til ting saman med andre. Du må framstå som trygg, støttande og oppmuntrande, også når det går trått. For å lykkast i stillinga bør du vere nysgjerrig på å identifisere og utnytte kommersielle moglegheiter. Ein av dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å sikre interessante og lønsame oppdrag til gruppa.


Vi lovar deg ein spanande meny av arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å gjennomføre målsettingar i eit triveleg og trygt arbeidsmiljø, vere «limet» i gruppa og syte for høg arbeidsglede/trivsel på jobb.
  • Ha overordna ansvar for oppfølging av gruppas leveransar og interne
    økonomi.
  • Jobbe systematisk for å motivere og leggje til rette for utvikling av fagtunge medarbeidarar.
  • Jobbe aktivt mot marknaden for å etablere kontaktar og skaffe fleire kundar.
  • Skape lønsam vekst både gjennom tilsettingar og auka oppdragsmengde.

Vi tenkjer at du har følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning.
  • 5 års erfaring frå relevant bransje, fortrinnsvis også praktisk leiarerfaring.
  • Prosjektleiarerfaring.
  • Kan vise til målbare resultat frå tidlegare arbeidsgivarar.
  • Eit breitt kontaktfelt i bransjen og erfaring med å gjere deg synleg i relevante fora.

På våre kontor i Vestfold og Telemark garanterer vi deg eit engasjerande og utviklande arbeidsmiljø. Vi har eit aktivt og levande bedriftsidrettslag, eit humorlag som arrangerer utflukter og sosiale tilstellingar på tvers av
organisasjonen, og ikkje minst eit fagmiljø i verdsklasse. Vidare tilbyr vi konkurransedyktige vilkår, svært gode forsikringsordningar, solid pensjonssparing og ei sikker og påliteleg stilling i ei av Europas leiande
ingeniørverksemder.

Har du spørsmål eller ynskjer ein uforpliktande prat om stillinga kan du kontakte avdelingsleiar Magnhild Ek Brynilsen på tlf. 47313130.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Sted: Porsgrunn, Seljord, Notodden eller Sandefjord

Stillingsinfo

Frist20. august 2025

Kontaktperson

Magnhild Ek Brynilsen

Avdelingsleiar


Stillingstyper

Fast ansettelse,Privat,Ledelse

Industrier


Se flere stillinger fra Sweco Norge

Ingen vet nøyaktig hvordan fremtiden blir. Én ting er likevel sikkert: Vi møter den best med engasjement og nysgjerrighet, og vi må fortsette å spille hverandre gode. Sweco er for alle som vil forme fremtidens byer og samfunn.