Grunnborer

Bli med oss og utforsk grunnforholda som dannar fundamentet for framtidas vegar!

Statens vegvesenStavanger8. september 2025
Søk her

Vi jobbar med spennande og omfattande vegprosjekt – og søkjer no ein grunnborar til teamet vårt i Vest. Som grunnborar blir du ein sentral del av laget, og opererer boreriggen for å undersøkje grunnforhold i samband med planlegging, bygging og vedlikehald av veg.

Grunnboringsriggane våre opererer over heile landet, men er som regel knytt til sine faste geografiske område: Nord, Midt, Vest og Sørøst. Ved behov kan riggane flyttast til andre område. Denne stillinga er tilknytt grunnboringslaget i område Vest, men det kan bli aktuelt å bli knytt til andre geografiske område dersom oppdragsmengda endrar seg.

Kontorstad for stillinga vil vere ved Flekkefjord eller Stavanger trafikkstasjon, eller ved ein av våre andre kontorstadar i Vest-Agder eller Rogaland. Stillinga inneber stor reiseverksemd, og arbeidet går føre seg utandørs, året rundt.

Arbeidsoppgåver

Eit grunnboringslag består av ein tilretteleggjar og to grunnborarar. Som grunnborar vil du:

  • utføre grunnboring, inkludert sonderingar, in situ målingar og prøvetaking i lausmassar
  • planleggje arbeidet som skal utførast og mobilisere utstyret
  • transportere, betene og halde ved like grunnboingsrigg og anna teknisk utstyr
  • samarbeide og ha god kommunikasjon med tilretteleggjar og geoteknisk saksbehandlar
  • bidra i risikovurdering og sikker jobbanalyse

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Fagbrev innan anleggs- eller mekaniske fag
  • Førarkort kl. CE
  • Teknisk innsikt om korleis tunge anleggsmaskiner er bygd opp og fungerer
  • Gode datakunnskapar (PC blir brukt som verktøy under boring)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt

Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning og førarkort kl. CE.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (www.hkdir.no)

Personlege eigenskapar:

Som grunnborar er det viktig at du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, då dette er avgjerande for eit godt samarbeid med både grunnboringslaget og geoteknisk saksbehandlar. Vi ser etter deg som er løysingsorientert, slik at du kan bidra til å løyse eventuelle utfordringar som oppstår ute i felt. Samtidig er det viktig at du har rette og gode haldningar til HMS, sidan arbeidet går føre seg ute på rigg, med tilhøyrande risikofaktorar.

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Sted: Christian August Thorings veg 12, Stavanger

Stillingsinfo

Frist8. september 2025

Stillingstyper

Fast ansettelse,Offentlig

Industrier


Se flere stillinger fra Statens vegvesen

Statens vegvesens leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag.

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.